– Kamp mot barnefattigdom viktigast

Terje Breivik
Med denne avtalen bidrar vi både til at små og store bedrifter får hjelp til å komme seg gjennom en svært krevende tid, sier Terje Breivik. , Foto: Venstre

– Familiepolitikken til Venstre tek utgangspunkt i at den einskilde familien skal ha stor fridom til å finna dei løysingane som passar dei best, sa Terje Breivik då Stortinget i dag debatterte barne-, familie- og likestillingsdelen av Statsbudsjettet for 2016.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**

– Respekt for ulike val er viktig. Skal fridomen vera reell, så må ein òg vera fri frå naud, fattigdom og ulikskap. Hovudprioriteringa til Venstre på familieområdet har vore og er kamp mot barnefattigdom, understreka Breivik.

Gratis kjernetid i barnehage for 3-åringar

– Venstre er veldig glad for at regjeringa deler dette synet. Eit viktig tiltak som me vart samde om i fjor – gratis kjernetid i barnehagen for fire- og femåringane frå låginntektsfamiliar – vert frå og med nyttår utvida til å gjelda treåringar òg, etter forslag frå Venstre i budsjettforhandlingane, påpeika Breivik.

I budsjettavtalen har Venstre saman med Kristeleg Folkeparti fått gjennomslag for ei samla auke på nesten 300 mill. kr til tiltak for å redusera barnefattigdom og førebyggjande arbeid retta mot barn og unge. Det er eit stort steg i rett retning, men ikkje nok – Venstre føreslo ein pakke på nesten 2,5 mrd. kr.

– Vissheita om at 80 000 ungar veks opp i fattigdom i Noreg anno 2015 er direkte hjarteskjerande. Å utjamna sosiale skilnader og skapa like moglegheiter for alle barn kan knapt prioriterast høgt nok.

Kompetent personale

– Det skal førebyggjast meir. For Venstre er tidleg innsats sentralt. Me veit at barnehagane er ei svært viktig institusjon for å førebyggja. Det er den staden utanfor familien som er viktigast for å sikra god psykisk helse hos ungane. Det er òg ein viktig arena for å oppdaga og hjelpa barn med ulike hjelpebehov så tidleg som mogleg. Difor er fagkompetanse heilt avgjerande, og det er liten tvil om at Venstre er bekymra over at det framleis er mange barnehagar som manglar pedagogisk personale. Det er bra at regjeringa tek dette på alvor og føreslår å styrkja rekrutteringsarbeidet, ei styrking som Venstre føreslo å ytterlegare løyva 100 mill. kr til.

Barnehageopptak

– Venstre føreslo opphaveleg å setja barnehageopptaket til 31. desember, og ikkje 1. september som i dag. Me fekk gjennomslag for at me nå utvidar med to månader, til utgangen av oktober i det året du søkjer om barnehageplass. Løyvingane til barnehagar for 2015 og 2016 gjev rom for etablering av om lag 3 400 nye plassar, understrekar Breivik.

Ambisiøs på likestilling

– Eg vil påstå at budsjettforslaget til Venstre er det mest ambisiøse på likestillingsområdet, seier Terje Breivik. – Me føreslår å frita arbeidsgjevarane heilt frå sjukepengeplikt under svangerskap – noko som er eit veldig målretta tiltak, og som har ein kostnad på litt over 100 mill. kr – samt å avskaffa skatteklasse to, avvikla kontantstøtta, forsterka målretta lønnstilskotsordningar for å gjera det enklare å tilsetja innvandringskvinner – for å nemna noko.

Venstres alternative budsjett for 2016 (PDF)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**