Fråsegn: Enkel og god integrering

Bilde: www.fn.no

Hordaland Venstre sitt årsmøte har 7. februar vedteke følgjande fråsegn:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**

Flyktningkrisa er først og framst ei krise for dei som flyktar. Hordaland Venstre meiner den ekstreme auken i antal flyktningar og asylsøkjarar det siste året har gjort det naudsynt å tenke nytt og meir fleksibelt for å få til ein effektiv og best mogleg integrering.

Det er viktig at flyktningar og asylsøkjarar så tidleg som mogleg lærer den norske samfunnskontrakten og får høve til å bidra sjølv. Introduksjonsloven må endrast slik at den einskilde kommune kan spele på frivillige organisasjonar og næringsdrivande gjennom utstrakt bruk av praksisplassar, engasjement og prosjekt. Det vil gjere det enklare og meir attraktivt for kommunar å starte integrering av flyktningar og asylsøkjarar på eit tidlegare tidspunkt.

Ei anna gruppe som kan bidra aktivt til god integrering er elevar i den vidaregåande skulen. I nokre vidaregåande skular i landet, har ein opplegg der flyktningar får tilbod om leksehjelp frå dei vidaregåande elevane. Flyktningane får hjelp til skulearbeid og nokon dei kan snakke norsk med. Hordaland Venstre vil etablere ei slik prøveordning med leksehjelp for flyktningar på nokre utvalte vidaregåande skular i fylket.

Hordaland Venstre er svært bekymra for at born på flukt utan foreldre får ein vanskelegare barndom med dei føreslegne endringane frå Regjeringa. Vi ber Stortinget om ikkje å vedta innstramingane i born sine rettar til familiegjenforening i saker der born er mistenkt nytta som middel for familiegjenforening, såkalla ”ankerborn”. Born skal aldri straffast for foreldra sine val.

For einslege mindreårige asylsøkjarar – som etter ei barnesensitiv vurdering vert rekna å ha trong for vern – vert det føreslege ein ny regel som berre gjev beskyttelse fram til fylte 18 år. Det skal såleis takast ei ordinær vurdering av om ”utlendingen” fyller vilkåra for vern eller opphald i Noreg på anna grunnlag. Hordaland Venstre er grunnleggjande usamd i dette. Born må alltid gjevast permanent opphald slik at dei i staden for å frykte framtida kan nytte tida si på å planlegge den.

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**