Ny idretts- og kulturhall i Søvik inn i økonomiplanen

Forslag til ny idretts- og kulturhall i Søvik frå 2012., Svein Skibnes arkitektkontor
Ordførarkandidat Kristian Stråmyr.
Kristian Stråmyr (V).

Kommunestyret gjekk 22. juni samrøystes inn for å ta ny idretts- og kulturhall i Søvik inn i økonomiplanen for 2017-2020. Dette skjedde etter forslag frå Kristian Stråmyr (V) om å sette inn 2 millionar kroner for 2017 og 10 millionar kroner for 2018, noko som fører prosjektet eit steg nærmare realisering.

Venstre tok opp problematikken med det eksisterande idrettsbygget i 2014 der dåverande ordførar Bjørn Sandnes var positiv til initiativet og såg behovet for eit slikt bygg. Heile svaret ligg her.

Bakgrunnen for forslaget var eit grunngjeve spørsmål frå Edvin Bjørn Marthinussen (FrP) på førre kommunestyremøte der det kom fram at arbeidet med saka stod stille. Difor meinte Stråmyr at kommunestyret burde ta det inn i planen for å få fortgang i prosessen.

Sjå opptak frå møtet her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**