Venstre sikrar 200 millionar til nye kommunar

Terje Brevik
Foto: Jo Straube

Då Venstre sørga for fleirtal saman med regjeringspartia om eit nytt inntektssystem for kommunane, fekk Venstre gjennomslag for eit nytt regionsenter-tilskot. Tilskotet skal gå til nye kommunar som har slått seg saman, og vert over 9.000 innbyggjarar. No er regjeringa og Venstre samd i kriteria for tildelinga

– Dette tilskotet ønska Venstre å få inn i kommunereforma for å nytte meir gulrot og stimulera til fleire kommunesamanslåingar, seier Terje Breivik, Stortingsrepresentant for Venstre i Hordaland.

I Hordaland får desse nye kommunane tilskot:

  • Nye Øygarden kommune: 8,6 millionar
  • Nye Bjørnafjorden kommue: 7,2 millionar
  • Nye Nordhordland kommune: 7,7 millionar

– Tilskotet kan nyttast til å utvikle kommunen sin regionsenterfunksjon, slik at kommunen verte ein vekstkraft i regionen. Eg trur desse kommunane vert eit viktig tyngdepunkt rundt Bergen, og vil utvikle gode tenester til innbyggarane, seier Breivik.

Tilskotet utgjer 200 millionar på årleg basis. 120 millionar vert tildelt pr. kommune, medan dei resterande 80 vert tildelt pr. innbyggjar i den nye kommunen. Nye Øygarden kommune vil ha omlag 36.700 innbyggjarar, og vert nest største kommunen i Hordaland.

I Hordaland ligg det an til at 33 kommunar vert redusert til 25 i denne omgang.

Les óg om saka i Os og Fusaposten.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**