Grunngjeve spørsmål om tilbod til eldre i Søvik-området

Lørenskog Venstre ønsker mer omsorg. "Foto: Stock photo © Lighthaunter", " Foto: Stock photo © Lighthaunter"

Jamfør kommunestyrevedtak 024/14 var det ein føresetnad ved nedlegginga av Kveldsro kvileheim i Hamnsund at «administrasjonen skulle arbeide vidare med å kartlegge og utgreie behov for seniorbustadar og aktivitetstilbod for eldre i Søvik sentrum».

I KS-016/15 skriv rådmannen mellom anna:
«Eit aktivitetstilbod/dagtilbod i Søvika kan vere aktuelt, men er ikkje mogleg å gjennomføre innanfor eksisterande budsjettrammer. Ein må da ha eit lokale til tilbodet. I tillegg til husleige kjem lønskostnadar tilsvarande 1,5 til 2 stillingar. Ei slik løysing ville kunne gi eit tilbod til 10 – 15 brukarar 5 dagar i veka.»

Når kommunen sparar pengar på nedlegginga av Kveldsro, meiner Venstre at det burde vere mogleg å sette av pengar til eit aktivitetstilbod for eldre i Søvik-området.

• Kan ordføraren gjere greie for kva som har skjedd i denne saka sidan 2014?
• Er ordføraren einig i at innsparinga ved nedlegginga, og pengane ved sal av Kveldsro bør reinvesterast for å kome dei eldre i Søvik-området til gode?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**