– Vi lever i ei endringstid

Fotograf Vidar Helle

Det siste Fylkestinget i Sogn og Fjordane i 2016 er 6. og 7. desember . Her er Venstre-gruppeleiar Gunhild Berge Stang sitt innlegg i generell politisk debatt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

Eg vil takke for ei god oppsummering og tale av fylkesordføraren.

Fylkesordføraren drøftar dei store endringane som vi går gjennom, frå politireform, kommunereform, høgskulereform, regionreform.

Ja, vi lever i ei endringstid, endringane er ikkje først og fremst skapte av politiske vedtak i Stortinget i Oslo.

  • Vi står framfor store endringar i klima, med store konsekvensar for ikkje minst oss her i sogn og Fjordane.
  • Vi står framfor store endringar i samhandlinga mellom nasjonar – vi blir globaliserte, og vi ser store folkeforflytningar. Vi ser nye utfordringar i sikkerheitsbiletet.
  • Vi står framfor store endringar i generasjonssamansetning. Eldrebølga krev at kvar 3 ungdom i framtida utdannar seg til omsorgsyrke. Nasjon, fylke og kommunar får utfordringar i å oppretthalde dagens velferdsnivå i framtida.
  • Vi står framfor enorme endringar i måten å kommunisere på. Hest og kjerre vart bytt ut med bil. Posten vart supplert med telefon, så kom e-post, og dei sosial media. Dette har konsekvensar for måten vi samhandlar menneske i mellom, korleis næringane kommuniserer med marknad, korleis politikarar kommuniserer med veljarar osv
  • Vi står framfor ei sentraliseringsbølgje, men bølgja starta ikkje i 2013 i Noreg, men i ca 813 med framveksten av byar og handel, og sidan har den eskalert. Ein tidlegare senterpartiordførar i Fjaler sa det klokt, det som skapar sentralisering er teknologi og kapital
  • Vi står framfor nye endringar i kriminialitetsbildet. Det er ikkje lenger Kasper, Jesper og Jonathan som skal stele pølser hos slaktaren. Vi snakkar om Dark room, organisert internettkriminalitet på tvers av landegrenser. Politimester Bastian strekk ikkje til lenger og vi treng meir enn ein formanande song om å vere snill og grei.
  • Vi står framfor store endringar i arbeidsliv. Folk byter jobb oftare, færre og færre får gullklokke for lang og tru teneste hos ein arbeidsgjevar. Delingsøkonomien er komen for å bli. Ungdommane utdannar seg meir enn aldri før. Det stiller krav til arbeidsmarknaden, og det stiller krav til utdanningsinstitusjonane.
  • Vi står framfor store endringar i dette landet sine inntekter. Vi har fortsatt ikkje ein veldig god plan for kva vi skal gjere den dagen oljen tek slutt.

Endringane blir med andre ord ikkje skapte av stortingsvedak i Oslo. For utfordringane ligg ikkje i alle desse endringane, men korleis vi møter desse endringane. For Venstre er det viktig at vi møter endringane offensivt.

Sogn og Fjordane Venstre vil ikkje møte endringane med frykt, men heller ikkje med knefall. Difor er vi både positive og kritiske. Og til statsbudsjettet. Difor er det viktig for Venstre å stå på for breibandsatsing, økonomiske rammer for fylkeskommunen, meir til rassikring, meir til språket vårt. Vi fekk ikkje regjeringa med på alt vi ville, men vi meiner likevel at budsjettet er godt. Ikkje minst er eg veldig stolt over det Venstre har fått til for studentane – satsing på studentbustader og betre lånevilkår. Dette er ordningar som først og fremst er viktig for distriktsungdommen vår, truleg distriktsverkemiddel nr 1.

Gunhild Berge Stang

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**