Lokalt engasjement sikrar statleg oppfølgjing av Atløysambandet

Ordførarkandidat Gunnar Osland , Fotograf Vidar Helle

Askvoll Venstre har gjennomført sitt årsmøte. Årsmeldinga viser at det har vore god aktivitet i laget i 2016.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

– Særleg viktig var innspelet vi sendte til Transport- og kommunikasjonkomiteen, som omhandla seglingshøgda under bru til Atløy. – Innspelet vårt vart tatt inn som merknad til statsbudsjettet, seier leiar Gunnar Osland. Medlemmane frå dei andre borgarlege partia i komiteen er einig med oss i at det må visast fleksibilitet på slike prosjekt, særleg der det finnast alternative seglingslei. – Ved å redusere seglingshøgda frå 42 meter, slik Kystverket krev, til 32 meter, vil brusambandet bli eit vegsamband som ligg godt tilpassa terrenget, kontra eit på 42 meter som vil bli veldig dominerande. Med ein slik reduksjon vil det verte innsparingar på omlag 180 millionar. Dette vil og styrke Atløysambandet som eit samfunnsøkonomisk prosjekt.

Årsmeldinga viser også at stortingsrepresentantane Pål Farstad og Andre Skjelstad var på besøk i Askvoll i fjor. Hovudfokuset deira var kommunereform og næringsutvikling, og då særleg primærnæringane, landbruk og havbruk, i tillegg til nye nisjer innan havbruk.

Gunnar Osland held fram som leiar i Askvoll Venstre. Resten av styre består av Linda Ness Rotihaug, Renate Berg, Bjørn Arne Mjåseth og Norvald Gjervik.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**