Flaumsenkingstiltak: Meir kunnskap, takk!

Flaumdempande tiltak i Vossavassdraget er ei viktig sak som angår oss alle. Kommunestyret skal etter planen ta stilling til kva tiltak ein bør arbeide vidare med, allerede i neste møte, 16. februar. Voss Venstre ynskje at man utset val av alternativ. Du kan lese mer om saka på Voss kommune sine nettsidar. Her fylgjer eit innlegg me har sendt til Avisa Hordaland:

Voss Venstre ser at det trengst flaumdempande tiltak, men Venstre meiner det er heilt nødvendig med avklaring på fleire punkt før kommunestyret i Voss kan ta avgjerd om kva tiltak som er best for å redusera flaumskadar og for vern av den verdfulle vassdragsnaturen vår:

  • Konsekvensar for vasstand, biologisk mangfald, næringsliv (jordbruk, turisme m.m.) og vassdragsnatur i Raundalen, med tunnell frå Reime til kraftverk i Bjørke eller Granvin.
  • Konsekvensar av alternativ med 20% påslag på mogleg 200-årsflom.
  • Nærmare klargjering av alternativ som gjer det mogleg å halda oppe vern av Raundalselva. F.eks. flaumvollar, flaumtunnell forbi Vangen, tiltak nedstrøms Vangsvatnet i form av tunnellar og lokale tiltak langs vassdraget.
  • Kvalitetsikring av utgreiingar frå BKK/Voss energi. (Kostnaden ved tiltaka med tunnellar frå Raundalen + kraftverk + flaumtunnell, ville – dersom statleg tiltak – utløyst krav om kvalitetssikring ved uavhengig instans.)
  • Samla samfunnsøkonomisk vurdering. Jfr. m.a. informasjon lagt fram i møtet 12.januar av Voss naturvernlag v/Kåre Flatlandsmo – sjå og Hordaland for torsdag 19., Voss Active v/ Frode Solbakk – sjå Hordaland 19. jan., Ekstremsportveka v/ Joar Wæhle.
  • Statleg finansiering av tiltak? Og korleis er fordeling av skatt mellom stat og kommune frå kraftverket på Bjørke rekna når kraftverket er sagt skal finansiera bygging av flaumtunnell Bjørke – Granvin

Vidare må tiltak vurderast mot kva Voss kan forventa av NVE (planlegg NVE no elveførebyggingstiltak for Vangen?), premissane Stortinget la til grunn då det i 86 vedtok vern av Raundalselva, og konsekvensar/tiltak utanfor kommunegrensene: Straume/Vaksdal, Granvin, Ulvik – bør vel drøftast med nabokommunane?

Venstre går inn for at kommunestyret i møtet 16. februar utset val av alternativ, men vedtek vidare klargjering og konsekvensar av ulike moglege flaumsenkingstiltak.

Elin Seim, fungerande gruppeleiar i Voss Venstre
Torstein Gunnarson, leiar Voss Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**