Utvikling av heile Voss!

Fråsegn samrøystes vedtatt på årsmøtet i Voss Venstre 23. jan

Voss er inne i ei sterk utvikling. Voss Venstre er glad for dette, men samtidig bekymra over at svært mykje av merksemd og tiltak er konsentrert om Vangenområdet. Når Granvin no på veg inn i kommunen, vil kommunen; kommunestyre og administrasjon, på nytt blir utfordra i si prioritering mellom Vangen og dei andre delane av kommunen.

Dei mindre bygdesentruma og grendene er ein svært viktig del av Voss, for menneska som bur der og av det bildet tilreisande og innbyggjarar har av Voss. Voss må også i framtida vera vid!

Det inneber m.a. at kommunen må ha klare ambisjonar om å leggja til rette for å oppretthalda og vidareutvikla alle delar aav kommunen.

Konkret inneber dette m.a. at dei nedlagde grendeskulane må stillast til disposisjon for grendene på ein økonomisk god måte. Alle må kunna ha tilbod om lokale for trim og møte på same vilkår som i sentrumsområdet!

Dei meir langsiktige planane for vidareutvikling må inkludera tiltak også i grendene. Jfr. m.a. at Vaksdal har engasjert eit konsulenttfirma for å trekkja opp moglege planar for Vaksdal og Stanghelle når ny bane og veg er på plass. Tilsvarande planar må koma for Bolstad og Evanger. Og det må leggjast til rette for vidare aktivitet og busetnad i Vossestrand og Raundalen

Voss Venstre forventar at partia samlar seg om at den vidare utviklinga av Voss skal gjelda heile kommunen!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**