Valkamparbeidet i Sogn og Fjordane

Sfj Venstre

Vi nærmar oss valkampen 2017. Her er litt informasjon om arbeidet i fylkeslaget og korleis vi vil følgje opp lokallaga i valkamparbeidet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

I fylkeslaget har vi sett ned eit valkamputval som har fungert sidan november 2016. Valkamputvalet har jobba mykje med å definere mål og tiltak i valkampen. Vi har laga ein kommunikasjonsplan med planar for medieutspel og korleis vi skal nå ut via sosiale media. Vi har planlagt mange lokale besøk til lokallag, bedrifter, skular, barnehagar, sjukehus og andre både frå Sveinung Rotevatn og dei andre kandidatane på stortingsvallista.

 

Vi har planlagt ulike arrangement i eigen regi, gjort avtalar for besøk frå den sentrale leiinga og snakka om kva store arrangement og møte Venstre bør vere til stades på. Vi har òg diskutert kva som skal vere dei fremste bodskapane våre, og korleis vi skal påverke i arbeidet med Stortingsvalprogrammet og på landsmøtet. Vi har diskutert og diskuterer stadig korleis vi skal nå best mogleg ut med dei politiske sigrane vi har hatt dei fire siste åra og kva vi vil med både fylket og landet i åra framover.

 

Vi har lagt opp til tett kontakt og god oppfølgjing av lokallaga og medlemene heilt fram til valet. Her er litt av det som skjer eller skal skje i tida framover:

  • Januar – september: Sveinung besøker lokallag og interessante stadar lokalt saman med lokallaga.
  • Januar: Fylkeslaget besøker lokallagsårsmøta.
  • 11.-12. februar: Fylkesårsmøte i Sogndal med m.a. handsaming av innspel til Stortingsvalprogram og informasjon om valkamparbeidet.
  • 19. mars kl. 18.00: Regionsamling i Førde for laga i Sunnfjord. Topp tre på Stortingsvallista deltek.
  • 20. mars kl. 18.00: Regionsamling på Nordfjordeid for laga i Nordfjord. Topp tre deltek.
  • 21. mars. 18.00: Regionsamling i Sogndal for laga i Sogn. Topp tre deltek.
  • 22.-23. april: Felles valkampsamling i Bergen for lokallaga i Hordaland og Sogn og Fjordane Venstre.

 

Vi håpar å sjå mange av dykk på desse arrangementa! Meir informasjon om program og påmelding kjem.

 

Ein del lokallag har sendt inn plan for den lokale valkampen til oss i valkamputvalet. Dei lokale valkampplanane er styrande for fylkeslaget sin. For dei som ikkje har sendt inn endå, så er det fint om de sender det til valkampansvarleg i vest, Frode Fjeldstad, [email protected].

 

Her finn de mal for den lokale valkampen til nedlasting: Mal for lokal valkampplan

 

Vi håpar også at de følgjer Facebookgruppene «Sogn og Fjordane Venstre – intern» (berre for medlemer) og «Folkevalde/lokallagsleiarar for Venstre i Sogn og Fjordane». Her er det fritt fram å dele, inspirere og diskutere!

 

Har de noko på hjartet, er det berre å ta kontakt med oss i valkamputvalet eller fylkesstyret. Her er liste over kven som er med i valkamputvalet:

 

Namn Rolle E-post Tlf:
Åge Avedal Valkampsjef [email protected] 97072734
Sveinung Rotevatn 1. kandidat [email protected]
Gunhild Berge Stang 2. kandidat / fylkesleiar [email protected] 97653785
Anne-Mette Hjelle 3. kandidat (Sunnfjord) [email protected] 99284302
Trude Risnes 5. kandidat (Sogn) [email protected] 48168287
Alfred Bjørlo 9. kandidat (Nordfjord) [email protected] 48082652
Anne Kristin Villar Sundal Leiar SOF Unge Venstre [email protected] 94783698
Frode Fjeldstad Valkampansvarleg vest [email protected] 99152515
Linda Ness Rotihaug Fylkessekretær [email protected] 95949156

 

Ønskjer de å gjere avtalar om besøk frå Sveinung kan de gjere det ved å kontakte rådgjevaren hans, Anine Dedekam Moldskred, [email protected].

 

Lykke til med valkampplanlegginga i lokallaget!

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**