Leikanger og Sogndal Venstre vil ha storkommune

Distrikssenteret - Kompetansesenter for distriktsutvikling

I samband med fylkesmannen si endelege tilråding om ny kommunedanning i Sogn, har Sogndal og Leikanger Venstre drøfta saka.

Sogndal Venstre og Leikanger Venstre står fast på at kommunane Balestrand, Leikanger, Sogndal og Luster framover vil vere best tente med ei ny og større kommunedanning. Ein ny og større sognekommune vil vere eit framtidsretta grep for å styrke Sogn som region.

Arbeidsplass- og folketalsutvikling, demografisk samansetnad og kommuneøkonomi utfordrar teneste- og samfunnsutviklinga. Venstre i Sogndal og Leikanger meiner at dette vil føre til endringar i kommunestrukturen også framover. Vi støttar difor tilrådinga om samanslåing av Balestrand, Leikanger og Sogndal frå 2020. Vi meiner at også Luster bør gå inn i kommunedanninga. Dette vil vere ein kommune med utgangspunkt i eksisterande tenestesamarbeid og felles bu- og arbeidsmarknad. Kommunen vil verte eit regionalt tyngdepunkt, det vil styrke arbeidsplassutviklinga og evna til å ta imot fleire oppgåver. Dette er viktige grep for å sikre busetting og gode tenester for folk.

Dersom Stortinget går inn for ei ny og større kommunedanning i Sogn, er dette bl.a eit tydeleg signal frå regjering og samarbeidspartia om at den nye kommunen skal satsast på som fortsatt sterk lokaliseringsstad for regional og statleg verksemd. Vi meiner at ei framtidig nasjonal felles-administrativ eining for fylkesmannsembeta , bør bli lokalisert til fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**