Sogndal og Leikanger Venstre anbefalar kommunane i Sogn å søke om klimasats-midlar

Foto: PEXELS

Venstre har fått gjennomslag for ” klimasats-midlar” til kommunar i 2017. Kommunar og fylkeskommunen kan søke om slike midlar, søknadsfrist er 15.februar 2017. Kriteria for søknad finn ein på : “miljøkommune.no”, “klimasats-midler”.

I 2016 fekk Sogndal kommune tildeling av desse midlane som einaste kommune i Sogn. Det er sett av 150 millionar kroner til denne ordninga i 2017. Venstre meinar: Leige av klimafagleg plankompetanse, der ein kan få inntil 1.million kr i støttesum er ein av mange gode kriterium ein bør gjera seg nytte av. Me vil anbefale kommunane i Sogn å sende inn søknad, det er opp til 50% dekning av prosjektkostnaden.

Leikanger og Sogndal Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**