IKT-satsing i grunnskulen

Foto: Microsoft

Digital kompetanse er ein stadig viktigare del av dei krava som vert stilt til framtidas arbeidstakarar, og tilgang til digitale læringsverktøy i grunnskulen er difor avgjerande. Grunnskulen må vere rusta til å ta i bruk nye metodar for læring, og skulen må ruste alle elevar til å kunne bli funksjonelle databrukarar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

Sjølv om digital kompetanse er ein av dei fem grunnleggjande dugleikane som vert vektlagt i læreplanen, er det er eit faktum at det er svært store skilnader mellom IKT utrustinga på grunnskulane rundt om i landet. Varierande kommuneøkonomi og ulike politiske prioriteringar har gjort at skilnadane er blitt store. Vi kan ikkje vere nøgde med denne situasjonen.

 

Koding har kome inn som forsøksfag på ein del ungdomsskular, og det vert arbeidd for å få på plass felles læringsplattformer for heile landet. Dette er viktige steg for å auke den digitale kompetansen hos norske skuleelevar, og for å sikre tilgang på digitale læringsverktøy. Likevel vil ikkje dette bli anna enn gode intensjonar så lenge det ikkje er stilt nasjonale minimumskrav til IKT- utstyr på norske skular, dette kan gjerast noko med ved å prioritere koding på lik linje med andre framandspråk i skulen.

 

Sogn og Fjordane Venstre meiner det er viktig at Venstre går i front for arbeidet med å få gjennomført eit IKT løft i grunnskulen som sikrar like mogelegheiter for alle skuleelevar, uavhengig av bustadadresse.

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**