RV 52 er tilrådd traseval, avgjersla må takast no

Hemsedalsfjellet eller Hardangervidda?

Statens Vegvesen har konkludert. Det same har regjeringas kvalitetssikringsrapport. Begge peikar på RV 52 Hemsedalsfjellet som framtidig hovudtrase mellom aust og vest. No forventar Sogn og Fjordane Venstre at dei faglege tilrådingane verte følgde og at avgjersla vert gjort.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

Sogn og Fjordane Venstre støttar Statens Vegvesen og kvalitetssikringsrapporten si prioritering av RV 52 som hovudtrase-val. Hordalandsdiagonalen må vedtakast utgreidd, men vi er samstundes kritiske til forslaget om å utsette trasevalet.
NHO, LO og transportnæringa peikar på at næringslivet treng rv 52 og at hovudsambanda mellom aust og vest skal tene meir enn strekninga Bergen – Oslo, noko som trasevalet må ta opp i seg.

Sogn og Fjordane Venstre held fast på at RV 52 må prioriterast og vil ikkje ha ytterlegare utsetting av saka. No må avgjersla kome, med ei løysing som ivareteke behova til heile Vestlandet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**