Venstre vil utvikle Sogn og Fjordane

E.Rotihaug

4. januar la Sjømatrådet fram tal som syner at Noreg selde sjømat til utlandet for 91,6 milliardar kroner i fjor. På fire år har verdien auka med heile 75 prosent. Samtidig fell eksportinntektene av norsk olje og gass frå 630 milliardar i 2012 til 450 milliardar i 2015. Innan 2035-2040 vil vi truleg sjå at ei samankopling av biobaserte næringar og ny biomarin industri vil krysse verdiane skapt av fossile næringar. Forskarane anslår ei total verdiskaping frå norske marine næringar på 550 milliardar kroner i 2050. Faktum er likevel at fisk ikkje vil passere olje i verdi gjennom ytterlegare auka produksjon og sal av tradisjonelle fiskesortar som torsk, laks og aure, men gjennom heilt nye og meir ukjente produktområder. I tillegg vil sal av oppdrettsteknologi og sal av kompetanse til utlandet verte ei vidareutvikling av næringa.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

Sist Noreg opplevde noko tilsvarande var då olje og petroleumsindustrien utvikla seg. Det vart ein boom på heile kysten og velstanden og arbeidsplassane spratt opp. Fylka sør og nord for oss tok del i det, men ikkje Sogn og Fjordane. På den tid var ein usikre på kva fylket kunne tene på desse nye næringane. Resultatet vart at ein kom for seint på bane når dei fleste moglegheitene hadde passert.

 

Med ei omlegging av energibruken bort frå olje, gass og kol og ei automatisering av industrien og handelsnæringa vil vi dei neste 10-20 åra trenge fleire hundre tusen nye arbeidsplassar i Noreg. Vi må no byrje å legge til rette for innovasjon og nyskaping. Då må ein utnytte dei fortrinna vi som nasjon, og ikkje minst Sogn og Fjordane som fjord- og kystfylke, har slik at våre innbyggjarar kan ha ein inntektsbringande jobb å gå til i framtida også.

 

I tillegg er det viktig at Sogn og Fjordane skal ha sin del av statlege arbeidsplassar som skal flyttast ut frå den sentrale statsforvaltninga i Oslo, samt nyetableringar av nye statlege direktorat og forvaltningar.

Det som no skjer er «den nye oljen», den er berekraftig og den er fornybar. Vi har unike moglegheiter og vi har tida med oss om vi gjer noko no. Skal Sogn og Fjordane verte med denne gongen må ein satse og vi må bli med på desse tiltaka:

  • Det må leggast til rette, investerast i næringsutvikling, forsking og kunnskap i moglegheitene havet gjev oss
  • Ein skikkeleg arealplan for korleis vi brukar havområda, kysten og fjordane våre må kome på plass for å minimere konfliktnivået ein kan risikere oppstår i framtida
  • Vern mot å bruke havet og fjordane som avfallsplass.
  • All vekt og utvikling skal være berekraftig og miljøvennleg
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**