Lesarinnlegg i Hordaland vedr gondolbanen

Lesarinnlegg publisert i Avisa Hordaland, tysdag 7. mars 2017

Manglande debattlyst ?

 

Ole Ystaas etterlyser debattlyst i avisa ”Hordaland” vedrørande den nye gondolbanen på Voss. Eller : han undrar seg over den fråverande debatten.

Han gir utan atterhald støtte til dei råka grunneigarane og peikar på det demokratisk underskotet dei opplever. Han oppfordrar også andre som ”held med” dei grunneigarane dette gjeld, om å seia i frå om det.

Eg vil her gjera greie for Voss Venstre si haldning i denne saka.

Heilt frå starten av prosessen hadde Voss Venstre eit anna syn enn det politiske fleirtalet. Me meinte at reguleringsplanen også skulle omfatta arealet vest for stasjonsbygning på Voss stasjon og dermed inkludera området vest for Fleischers Hotel , for difor å kunna velgja mellom 2 alternative trasear og plasseringar av nedre stasjon når saka skulle stemmast over i KST. Det politiske fleirtalet bestemte at grensa for reguleringsplanen skulle vera vestveggen på stasjonsbygningen. Etter det hadde politikarane valget mellom ” for” eller ”imot ” Voss Gondol AS – og eigentleg ”for” eller ”imot ” utviklinga i Voss sentrum.

I eit demokrati er det nokon som taper og nokon som vinn , og her tapte Voss Venstre.

Slik saka har utvikla seg vidare , har Voss Venstre frå talarstolen i KST og NTA understreka at når så mange innbyggjarar vert negativt råka , så er det svært viktig at prosessen er god.

Etter vårt syn skulle rekkjefylgja vidare vore at dei privatrettslege avtalane skulle vera på plass før ein gjekk vidare med planlegginga. Slik vart det ikkje.

Seinare vedtok Voss kommune å gi 5 mill i tilskot og 15 mill i ansvarleg lån ( lågaste prioritet) til Voss Gondol AS. Voss Venstre føreslo enno ein gong at dei privatrettslege avtalane burde vera på plass før avtalen om lån vart underteikna .Det også vart nedstemt – men fekk 8 røster i KST.

Det er gitt rammeløyve til nedre og øvre stasjon og nabovarsel til naboane til desse bygga , men ikkje til bebuarane under traseen. Juridisk heilt rett i fylgje Plan – og bygningslova – men er det moralsk godt nok ?

I neste omgang skal det m. a. gjevast byggeløyve til sjølve kabeltraseen og til slutt driftsløyve til Voss Gondol AS.

Me opplever prosessen som ” å gå baklengs inn i framtida” . Kva skjer om traseen vil vera i strid med den nye taubanelova som kjem i starten av 2018? Lån og tilskot er gjeve. Rammeløyve er gjeve. Og ein oreigningsprosess er på gang? Som politikar kan ein lett få ei kjensle av å verta ”gissel”.

Voss Venstre meiner det er flott at Voss Resort AS er villige til å satsa økonomisk på utviklinga av næring og reiseliv Voss Kommune , men me skulle så gjerne sett at prosessen vart driven fram på ein annan måte. Dei råka bebuarane under traseen hadde fortent det.

På vegne av kommunestyregruppa i Voss Venstre

Jorunn Ytrefjord, gruppeleiar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**