Venstre vil prioritere klima, rus- og psykiatri og landbruk i planarbeidet

Haram kommune

Haram Venstre har sendt inn uttale til den kommunale planstrategien.

Energi- og klimaplanen frå 2010 er overmoden for revidering då dette er eit dynamisk område med rask utvikling. Kommunen må gjere sin del for å nå målsettinga i Paris-avtalen om 40 % kutt av klimagassutslepp innan 2030. I dag er kommunens mål er 30 % for om lag den same perioden.

Venstres Kristian Stråmyr fekk gjennomslag i kommunestyret for å nedsette ein ad hoc-komité i arbeidet med heilheitleg rus- og psykiatriplan, men dette kom ikkje med i planstrategien. Derfor må dette kome inn som eige avsnitt over planar som skal gjennomførast/rullerast i perioden.

Det er naturleg at Haram som ei stor jordbrukskommune sett jordvern for kjerneområder i landbruket sentralt i arbeidet med ny arealplan. Her vil Venstre at kommunen undersøker moglegheitene for å innføre ei forsøksordning for fysisk kompensasjon av jordbruksareal. Dette vil sikre at det samla arealet dyrka mark ikkje vert redusert ved å pålegge tilsvarande nydyrking ved omdisponering av jordbruksareal.

Andre sentrale tema i uttalen er; kommunestruktur, næringsutvikling på Eidet, kulturminnevern, meir medverknad for barn og unge i planarbeidet og utarbeiding av arbeidsgjevarstratergi.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**