Tek Stranda-suksess til landsmøte-talarstolen

Amalie Ringdal Birkhol (20)

Amalie Ringdal Birkhol (20) skal snakke om Ungt entreprenørskap på Venstre sitt landsmøte, og tek med seg dei gode eksempla frå Stranda.

Litt tilfeldigheiter og ei ørkenvandring førte Amalie Birkhol inn i Venstre. Ein far som var Venstre-mann gjorde at ho såg i den retninga, og det ho såg var det partiet ho var mest einig med, spesielt innan felt som opptek henne, skule, barn og unge. Medlem i Venstre vart ho alt på ungdomsskulen, og så fekk Venstre på Stranda vanskar med å laga liste til forrige kommunestyreval.

-Dei ringte meg, og eg var ute og vandra i ørkenen i Australia, så eg sa berre ja.

Amalie såg ikkje føre seg at ho som nummer to på lista skulle ende opp med å representere Venstre åleine i kommunestyret, men ho vart stemt inn og tjueåringen er no snart ferdig med sine to første år i kommunestyret.

-Politikk er veldig kjekt, å få vere med på å forandre og påverke mi og andre si framtid!

-Men møter ikkje du mange jamaldringar som seier at politikk er berre så kjedeleg?

-Jau, heile tida, ler ho. Men eg trur at med politikk som med mykje anna, så vert det kjekt når du engasjerer deg.

Gründerpolitikk og skaparglede

Den unge politikaren har alt vore med på sitt første landsmøte. Landsmøtet i Ålesund vert landsmøte nummer to. Og no skal ho på talarstolen. Som 4. kandidat på stortingslista og Møre og Romsdal Venstre sin ungdomskandidat har ho fått taletid og skal snakke om Ungt Entreprenørskap.

-Venstre arbeider hardt for ein god gründerpolitikk. Og som ein del av det, så må vi starte allereie i ungdomsskulen og satse endå meir på entreprenørskap, innovasjon og leiing i den vidaregåande skulen. Slik kan vi gi startskot for skaparglede og interesse for korleis ein skal skape si eiga bedrift.

Amalie Ringdal Birkhol viser til Stranda vidaregåande skule som har valfaget «Ungt Entreprenørskap».

-Og med dette som eige fag har skulen greidd å få fram mange bedrifter som har hausta ei rekke prisar kvart einaste år. Dette faget er noko endå fleire skular bør ha.

Amalie vedgår at ho er litt spent før møtet med fleire hundre delagatar i landsmøtesalen.

-Men eg får berre ta eit djupt magadrag og så gjere det.

Og dette kan vere berre starten på eit langt politisk liv. I tillegg til plass i kommunestyret, leiar i utvalet for helse, oppvekst og kultur og medlem i ei rekke andre råd og utval, så er Amalie i år tilkallingsvikar i barnehage og skule og studerer på deltid. Til hausten blir det heiltidsstudiar i Samanliknande politikk i Bergen.

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**