Hemmar miljøpolitikken distrikta?

Trine Skei Grande er ein av i alt seks innleiarar som skal diskutere distrikt og miljø under «Pils & politikk» på Villa Åmot i Bygstad fredag 21. april.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**


Det er Sogn og Fjordane Venstre som står bak arrangementet.
– Vi er strålande fornøgd med å ha fått med både partileiaren og eit stjernelag av innleiarar, smiler leiar Gunhild Berge Stang.

Landbruk og klima
– Eg håpar at vi kan slå i hel nokre mytar denne kvelden, og vise at det er gode moglegheiter for nye arbeidsplassar i det grøne skiftet, held Gunhild Berge Stang fram.

Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag

For å innleie til temaet har Venstre fått med seg seks ulike innleiarar. Ein av dei er Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag. Han vil snakke om landbruk, klima og bærekraftig utnytting av globale ressursar.

Fylkesskogmeister Merete Larsmon vil snakke om skogen som ressurs og karbonfangar, og Steinar Sørli, vert på Villa Åmot, vil fortelje om korleis Åmot brukar lokalmat og lokale ressursar som del av merkevara.

Smart miljøhus
Elisabeth Kjerstad Bøe og Håvard Korsvoll har nyleg bygd eit miljøvenleg hus på Bjørvikstranda i Gaular. Dei vil fortelje om huset som blir omtalt som «Norges smartaste heim».

Kjerstad Bøe er òg tilsett i fylkeskommunen som prosjektleiar for Hydrogen Region Sogn og Fjordane. Under møtet vil ho fortelje meir om moglegheitene ved ei hydrogensatsing for næringslivet i fylket.

Trine Skei Grande, leiar i Venstre, blir med på møtet for å ta imot tankar og innspel, og vil fortelje om korleis Venstre jobbar for å skape nye arbeidsplassar og samtidig bidra til å løyse miljø- og klimautfordringane.

Pils & politikk
Anne-Mette Hjelle er konferansier for «Pils & politikk», og gler seg stort til møtet.

– Det er fantastisk å ha fått med eit slikt lag for å fortelje om eit stort og viktig tema, seier Hjelle, som òg er tredjekandidat til Stortingsvalet for Sogn og Fjordane Venstre.

– Dette er det fjerde «Pils & politikk»-arrangementet som blir arrangert i Indre Sunnfjord. På dei tre førre har vi sett lys på næringsutvikling, helse, skule og barnehage. Eg trur dette er ein god måte å engasjere fleire i politiske spørsmål. Det er ei meir uformell ramme og vi legg opp til å bygge kunnskap framfor å skape ein veldig polarisert debatt.

– Eg håpar og trur mange finn vegen til Villa Åmot for å både lære og ta del i diskusjonane, avsluttar Anne-Mette Hjelle.

Kontaktinformasjon:
Gunhild Berge Stang: 976 53 785
Anne-Mette Hjelle: 992 84 302

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**