Vi treng meir tog, ikkje mindre

Kjersti I. Vevatne

Eg har klokkartru på at vi kan setja spaden i jorda for Arna-Voss i 2021, skriv stortingsrepresentant Terje Brevik (V) i Bergens Tidende i dag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

12. juni kritiserer BT satsinga på tog i Nasjonal Transportplan (NTP) for ikkje å gje god nok klimagevinst. Dei siterer forskarar som meiner det vert meir bilkøyring med full utbygging av Intercity. Vi treng meir tog, ikkje mindre. Både på Austlandet og Vestlandet.

BT skriv at ifølgje regjeringa vil Intercity-utbygginga redusere klimagassutslepp med 56.000 tonn pr. år, mens brua Hordfast mellom Os og Stord kan gi ein reduksjon på 92.000 tonn. Dette er i beste fall haltande, i verste fall direkte feil. Brua vert samanlikna med eksisterande ferjer. Dei skal erstattast av null- og lågutsleppsferjer. Omstillinga er alt i gang. Prisen på Hordfast har i tillegg meir enn dobla seg på to år, og er no på 43 milliardar kroner. Brua er urealistisk slik ho er no.

– Målet er å få fremskyndet oppstart av Arna-Stanghelle til 2021, sier Terje Breivik

Eg skal vere den første til å seie at det var skuffande at K5-alternativet Arna-Voss ikkje var prioritert lenger fram enn 2024 då NTP først vart presentert. Eg tek sjølvsagt eit medansvar for dette. Heldigvis har prosessen i etterkant ført til at målet no er oppstart i 2021, i første periode av NTP.

Det er heller ikkje vanskeleg å vere open på at vi har snudd det meste av steinar på å finne friske midlar til prosjektet. At det ikkje var lett å omprioritere frå andre planar, er best illustrert med at Ap og Sp har valt den enkle løysinga – å finansiere Arna-Voss ved å utvide ramma med tre milliardar meir i sin NTP. Spesielt når dei har kritisert samarbeidspartia for at ramma er for høg.

For meg har den viktigaste saka vore å starte bygginga av veg og bane mellom Arna og Voss så fort som mogeleg. Det ligg mange prosjekt inne i første periode av NTP. Erfaring tilseier at fleire vil verte utsette. Nokon fordi planlegging og prosjektering tek lengre tid enn venta. Dette vil frigjere midlar til andre, meir gryteklare prosjekt, som Arna-Voss.

Eg har klokkartru på at vi kan setja spaden i jorda for Arna-Voss i 2021. Sjansane for dette aukar om politikarar som er villige til å gå på barrikadane for vegen og banen, sit på Stortinget til hausten.

Sjå artikkelen i BT her

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**