Trine Skei Grande til Sogn og Fjordane

Foto: Mona Lindseth

Leiaren i Venstre reiser for tida landet rundt i ein grøn elbil for å møte gründerar og jobbskaparar, og for å ta del i små og store kulturarrangement. Fredag 21. juli kjem ho til Førde, Gloppen og Eid.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

Gründerlunsj

Første stogg på turen i Sogn og Fjordane blir i Førde. Der blir det mellom anna invitert til «Gründerlunsj med Trine» på kafé Sobra i Kunstmuseet. Lunsjen er open for alle som vil delta. I tillegg er enkelte gründerar frå Sunnfjord invitert spesielt for å presentere sine tankar om kva som skal til for å skape fleire jobbar framover.

 

– Eg ser fram til å møte, få snakke med og lære av dei som er med å skape dei nye arbeidsplassane i Sunnfjord, anten dei kjem frå bedrifter som er i startfasen eller har halde på ei stund. Og så vil eg sjølvsagt seie litt om kva Venstre meiner skal til for å skape fleire nye arbeidsplassar i framtida, fortel Venstreleiaren.

 

Brødrene Aa

I Gloppen skal Trine Skei Grande mellom anna ha møte med Brødrene Aa i Hyen.

– Eg gler meg veldig til å møte dei som arbeider i Brødrene Aa og høyre om deira innovative arbeid med å utvikle miljøvenlege båtar. Det er inspirerande å møte bedrifter i distrikta som hevdar seg internasjonalt. Dette blir lærerikt! seier Skei Grande.

 

Malakoff
Ettermiddagen og kvelden vil Venstreleiaren bruke på Malakoff i Nordfjordeid. Den store rockefestivalen er eit høgdepunkt for mange kvar sommar, og Skei Grande gler seg stort til å oppleve stemninga under festivalen.

– Det blir stas å få besøke ein av landets beste rockefestivalar, i landets beste Venstre-kommune! smiler Trine Skei Grande og legg til:

– Eg ser fram til å treffe publikum og frivillige på festivalen, og så gler eg meg til å høyre ekte trønderrock når Åge Aleksandersen & Sambandet entrar scena fredag kveld.
Kontaktinformasjon:
Sveinung Rotevatn, Stortingsrepresentant og deltakar saman med Trine: 951 46 487
Anne-Mette Hjelle, 3. kandidat og ansvarleg for gründerlunsj i Førde: 992 84 302

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**