Einaste EU-tilhengar i Telemark?

Ill: Venstre

I Telemark viser det seg at berre ein 1.-kandidat har eit Ja-standpunkt, nemleg undertegna.

Kvifor Ja? Eg tenkjer at når eg blir spurd om dette, vil eg svare. Og eg vil svare det same som eg ville ha gjort i ei folkerøysting dersom denne var i dag. Eg er for openheit.

Eg ville stemt Ja fordi eg vil i ei retning av meir internasjonalt samarbeid. Ikkje mindre. For meg er EU eit viktig fredsprosjekt som bør styrkast og forankrast betre, heller enn å svekkast. Det handlar om eit felles ansvar for kloden og internasjonal solidaritet.

Når det er sagt er det ikkje tvil om at EU manglar ei brei folkeleg forankring. Utan tillit blir unionen lite handlekraftig. Dette er ei utfordring når vi treng felles forpliktande løysingar på vår tids største utfordringar knytt til klima, demokratisk utvikling, fattigdom og folkeforflytting.

Venstre meiner at eit eventuelt norsk EU-medlemsskap skal avgjerast av Stortinget etter ei ny folkerøysting. Dette er eit vedtak eg stør. Det viktigaste er å styrke samarbeidet med EU og andre internasjonale institusjonar med FN som berebjelke. Venstre vil óg styrke samarbeidet i Nordområdene for å sikre berekraftig forvalting av naturressursar og varig fred.

Eli Taugbøl,

1. kandidat Telemark Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**