Pilotkommune for nytt helseprosjekt

Foto: Venstre

Regjeringa har peika på Eid som pilotkommune for eit nytt helseprosjekt, etter initiativ frå Venstre og Sveinung Rotevatn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

Regjeringa endrar kriteriane for pilotordningane for digital oppfølging av kronikarar og etablering av primærhelseteam. Eid kommune vil bli pilotkommune, og helseministeren lovar at ønsket vil bli innfridd.

– Venstre har tatt opp med helseministeren at Eid, med sitt sterke helsefaglege miljø og offensive tenking rundt framtidas helsetenester, bør bli ei nasjonal pilotkommune for digital avstandsoppfølging og primærhelseteam. Bent Høie har respondert positivt, seier stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V).

– Kriteria for desse to pilotordningane blir no endra slik at det blir mulig for Eid, og i neste omgang nye Stad kommune, å bli ein samla pilot for begge ordningane. Det er Venstre på Stortinget som sørga for pengar til prøveordninga digital oppfølging av kronikarar. Med dette tek vi ordninga eit viktig steg vidare mot å bli ein del av framtidas helseteneste i kommunane, seier Rotevatn.

Helsministeren gir klarsignal
– Eg ønskjer at Eid skal bli ein nasjonal pilotkommune for å utvikle framtidas helseteneste i kommunane. Eg har sjølv vore i Eid og sett kor offensivt kommunen satsar på omsorgsteknologi, og kor sterkt det samla helsefaglege miljøet er med mellom anna eit framtidsretta lokalsjukehus, eitt av landets fremste distriktspsykiatriske senter, og nært samarbeid mellom kommuner og spesialisthelseteneste, seier helseminister Bent Høie (H).

– Det er Helseministeren som til slutt avgjer kva kommunar som blir med i dei nye pilotordningane. Søkjer Eid og tilfredsstiller krava, vil eg sørge for at Eid kjem med som ein samla pilot for digital avstandsoppfølging og primærhelseteam. Det betyr at Eid kan bli dei første i landet som gir kronisk sjuke digital oppfølging heime, og som vert følgd opp av eit primærhelseteam leia av fastlegar, seier Høie.

Eid er klare
– Eg er svært glad for at Eid og Nordfjord no får sjansen til å gå i front nasjonalt med å utvikle gode, framtidsretta helsetenester tilpassa folk sin kvardag i distrikta. Mykje av utviklingsarbeidet i digital avstandsoppfølging har til no skjedd i dei største byane. No blir dette endra, og Eid kan bli av dei første kommunene i landet som gir kronisk sjuke digital oppfølging heime, seier ordførar i Eid Alfred Bjørlo (V).

– Eg trur det kan bety betre tilbod til folk innanfor både somatiske sjukdomar og psykiatri, og styrke eit allereie framståande samla helsefagleg miljø i kommunen. Vi vil frå Eid si side invitere med oss både Helse Førde, nabokommunane og dei vidaregåande skulane i regionen i arbeidet framover. Det er gjennom samarbeid Sogn og Fjordane og Nordfjord har kome langt i å utvikle framtidas helsetenester. Dette skal vi utvikle også på dette nye området kor Eid no får ei nasjonal leiartrøye, seier Bjørlo.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**