Få Florø lufthamn på FOTe

Foto: Vedvik Photography

“Det er på tide at regjeringa snur, og innfører FOT-ruter i Florø att” skriv Sveinung Rotevatn (V) i eit lesarinnlegg denne veka.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

Som folkevald frå Sogn og Fjordane er eg ofte på farten i fylket, og brukar dei fire flyplassane ein del. Eg meiner at det som har skjedd siste året, etter omlegginga til kommersiell rutedrift på Florø lufthamn er ei unødvendig belastning for folk som skal reise til og frå Florø.

Næringslivet og heile regionene taper stort på omlegginga. Prisauke og færre ruteavgangar er resultatet etter at Florø lufthamn gjekk over til kommersiell drift i 2016. Det er på tide at regjeringa snur, og innfører FOT-ruter i Florø att.

Møreforsking har på oppdrag frå Flora Industri- og Næringsforeining (FIN) nyleg lagt fram ein rapport som viser endringane i praksis:

  • Prisane har auka med 25-40 %.
  • Rutetilboda har blitt færre, med 20 % mindre ruteproduksjon.
  • Regionen får eit samfunnstap på 7 til 8 millionar i 2017.
  • Passasjerane må totalt betale mellom 40 og 60 millionar meir i 2017.

Kommersiell drift av flyruter kan i nokre tilfelle trekke til seg fleire flyselskap som konkurrerer om kundane på pris og rutetilbod. Dette skjer ikkje i Florø i dag, sidan trafikken er for låg. Då får ein flyaktør monopol på rutene. Dette betyr høgare prisar og færre flyavgangar.

FOT-ruteordninga betyr at flyselskapet må følgje statlege krav til maksimalprisar på billettane og krav til ruteføring. Ein flyr likevel utan offentlege tilskot.

Folk og næringsliv i Flora og området rundt tapar på ordninga slik den er i dag. Regjeringa bør derfor foreslå ei omlegging frå kommersiell drift til FOT-ruter allereie ved statsbudsjettet i år. Då vil Florø lufthamn kunne tilby både rimelegare billettar og fleire avgangar allereie frå våren 2018.

 

Sveinung Rotevatn, Stortingsrepresentant Sogn og Fjordane Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**