Vi treng Pål Farstad på tinget

Pål Farstad

Møre og Romsdal treng Pål Farstad på Stortinget også i neste periode.

Frå sin plass i næringskomiteen har han sett konkrete spor etter seg til det beste for fylket, og det må han få halde fram med. Ei stemme til Pål Farstad og Venstre er ei stemme for fleire mulegheiter i Møre og Romsdal.

Farstad har sett sitt stempel på ei rekke viktige saker. Han har avverga flytting av Statens lånekasse frå Ørsta og slik sikra statlege arbeidsplassar på Sunnmøre. Det same har han gjort ved å sikre ei fortsatt sterk satsing på Fiskeridirektoratet i Ålesund.

Pål Farstad har skaffa 120 fleire studentbustader til Høgskulen i Volda i tillegg fleire bustader til dei andre utdanningsinstitusjonane. Forsking og studiar er viktige område, og fleire stipendiatstillingar til fylket er også noko som har vorte kjempa fram. Å få Runde miljøsenter inn med faste løyvingar på Statsbudsjettet er ein del av satsinga på forsking og formidling her i fylket.

Skipstunnel og fiskerihamner er andre område der Farstad har vore på ballen. Utbetring av Eksportvegen ut av Ålesund og over Ørskogfjellet er andre saker. I tillegg til pengar til å få lage ein masterplan for verdsarvområdet og reiselivet i Geiranger.

Dette er nokre av dei konkrete resultata Farstad har levert for Sunnmøre. I tillegg kjem dei lange kampane. Å henge som ein klegg på næringsministeren når det gjeld å forbetre forholda for gründerar og små og mellomstore bedrifter. I eit gründerfylke treng vi politikarar som legg til rette for næringslivet med mellom anna kamp mot papirmølla, for betre sosiale ordningar og lettare tilgang på kapital. Vi heiar på dei som skaper ein arbeidsplass for seg sjølv – og gjerne nokre til.

Ei anna sak for Pål Farstad er å aldri unnlate å snakke om reint hav og kor viktig det er å ta vare på Mørefeltet. I havfylket Møre og Romsdal har vi alle mulegheiter inn ei framtid der havet har løysingar på to av dei største utfordringane i verda; mat og energi. Då må vi ha reint hav. Det vernet vil gi oss vekst. Fiskerinæringa fortel allereie at kampen mot plast blir lagt merke til av fiskekjøparar på den internasjonale marknaden. Dei vil ha rein fisk frå eit reint hav.

Pål Farstad har det beste for Møre og Romsdal for auge. Og syter for å løfte fylket fram når saker skal avgjerast.

Det vil han halde fram med. Gi han di stemme så han fortsatt kan vere på jobb for Møre og Romsdal.

 

Håvard Urkedal, Haram Venstre

Odd Arve Orten, Sandøy Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**