Elbil: ikkje berre for byane

Foto: Ole Bruseth

Noreg har forplikta seg til stor nedgang i våre klimautslepp fram mot år 2030. Skal me nå desse måla, må me tenke og jobbe smart, raskt og med mange tiltak samstundes.

For ”meinigmann” vil denne endringa vere mest knytt opp mot bilkøyring. I store byar er dei viktige tiltaka auka satsing på kollektivtrafikk. I landlege områder er me heilt avhengige av privatbilen. Elbil, hybridbil, bil som går på hydrogen, utvikling av biodiesel for tungtrafikken; det blir jobba hardt og intenst på fleire felt for å skape bilar som ikkje er avhengige av å gå på fossilt drivstoff.

Det har blitt skapt eit bilete av at elbil berre er eigna for byane, at denne type bil ikkje er eigna for bilkøyring i distrikta. Slik er det ikkje. Me ventar alle på elbilen som kan gå svært langt før den må ”tankast”, og den er no på veg. Men i det daglege er dei færraste av oss avhengige av å køyre langt kvar dag. I distrikta pendlar dei fleste med bil til jobb, butikk, fritidsaktivitet, og mange familiar er heilt avhengig av å ha 2 bilar. Elbil eignar seg ypperleg for dei fleste av desse behova i kvardagen.

Det å køyre elbil svarar seg økonomisk i dag. Dersom me skal få ei utskifting av bilparken som monnar, må det svare seg økonomisk for alle som vel å køyre miljøvenleg. Slik er det i dag, og slik må det også vere i framtida. Det skal vere økonomisk lønsamt å gjere det som er best for miljøet.

Tinn Venstre vil halde fram med å jobbe for at det skal svare seg å køyre miljøvenleg, slik at me får ei heilt naudsynt endring, med framtidsretta utskifting av bilparken til bilar som ikkje er avhengige av fossilt drivstoff.

Styret

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**