Venstre sitt budsjett

Hordaland Fylkeskommune

I fylkestinget tirsdag 12.desember legg Venstre si fylkestingsgruppe fram sitt eige framlegg til budsjett. Framlegget er basert på fylkesrådmannen sitt budsjett.

Venstre sitt budsjettframlegg har overskrifta førebygging og helsefremjing, det har vore viktig for Venstre å ha fokus på områder som kan bidra til politikk med tiltak som fremjer folkehelse i alle politikkområder, seier gruppeleiar Anne-Beth Njærheim.

Vi er oppteken av at og dei unge skal nytte kollektivtrafikk, og har difor lagt inn ungdomskortet til 20 år, samt frys av takst på studentkortet. Studentar i Hordaland har ikkje betre råd enn i resten av landet, fortsett Njærheim.

Hordaland Venstre ynskjer å retta fokus og gje merksemd til lokalt engasjement og dei mange frivillige som trengs for å rydda kysten fri for plast, seier Geir Angeltveit.

Tala i budsjettet finn du her.

Verbalforslaga finn du her

 

 

 

 

 

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**