Regjeringsdebatt i Stortinget: rausare, grønare og meir sosialliberalt

Foto: Elias Dahlen/Hordaland Venstre

Onsdag vart regjeringas nye politiske plattform debattert i Stortinget. Terje Breivik trakk fram inkluderingsdugnad, vern av LoVeSe, satsing på forsking og teknologi og rusreform som viktige regjeringsprosjekt framover.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

Breivik, som er ny parlamentarisk leiar for Venstre, opna innlegget sitt slik:

– Føresetnadane Venstre la til grunn for å ta steget frå rolla som konstruktivt opposisjons- og samarbeidsparti til regjeringsparti var eintydige og klare. Og resultatet talar for seg:

Terje Breivik i debatten om Jeløyerklæringa
  • Lofoten, Vesterålen, Senja, Jan Mayen, iskanten og Skagerak vert frie for oljeverksemd i heile perioden.
  • Ei ytterlegare forsterking av ei allereie svært systematisk og omfattande satsing på teknologiutvikling og forsking. Og slik sikra arbeidsplassar gjennom auka konkurransekraft for næringslivet på marknadar som for lengst er drivne av grøne verdiar.
  • Ei rusreform der rusmisbrukarar primært får tilbod om hjelp, ikkje straff. Inkluderingsdugnad for å gjera det lettare for fleire å få seg arbeid og få fleire integrerte i det norske samfunnet.
  • Ei grunnhaldning som slår fast alt i innleiingskapitellet i erklæringa at, sitat «innvandring er en kilde til nye impulser og kulturell utveksling. Variasjon bidrar til nytetnking og kreativet», sitat slutt.

Lofoten, Vesterålen, Senja, Jan Mayen, iskanten og Skagerak vert frie for oljeverksemd i heile perioden.

Terje Breivik

Breivik rakk innom fleire av Venstres viktigaste saker i Jeløyerklæringa, før han kom til si hjartesak, barnefattigdom.

Målretta satsing mot barnefattigdom

– For sosialliberale Venstre er fridom ein grunnleggjande verdi. Men skal ein vera fri, må ein óg vera fri frå naud, fattigdom og ulikskap. Og noko av det mest hjarteskjerande i det norske velferdssamfunnet anno 2018, er vissa om at 80 – 90.000 tusen born veks opp i fattigdom, skisserte Breivik.

Han heldt fram:

– Difor er det utruleg godt å kunna slå fast, president, at den målretta satsinga på å kjempa mot barnefattigdom, mellom anna gjennom å innføra gratis kjernetid i barnehagen for alle 3-, 4- og 5-åringar frå låginntektsfamiliar, no vert utvida til óg å gjelda skulefritidsordninga.

Men skal ein vera fri, må ein óg vera fri frå naud, fattigdom og ulikskap.

Terje Breivik

I laupet av dagen var alle Venstres stortingsrepresentantar innom talarstolen, og nytta høvet til å lyfta fram sine hjartesaker frå J

eløyerklæringa. Barnefattigdom, miljø, klima og inkludering sto høgt på dagsorden.

Du kan sjå video av heile debatten her

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**