FRÅSEGN: MEIR MÅLRETTA DISTRIKTSPOLITIKK

Foto: Morten Skåningsrud

Meir målretta distriktspolitikk

Telemark Venstres ser med forventing fram til at den nye blågrøne regjeringa skal bidra til at folk kan skape sine gode liv i både by og distrikt. Med Venstre i regjering vil vi framleis halde eit godt tak i dei store utfordringane for framtida innan spesielt klima og miljø, skule, barnefattigdom og nye arbeidsplassar.

Eit taktskifte innan grøn omstilling og satsing på innovasjon, gründerar, små og mellomstore bedrifter er viktig for distrikta. Den nye regjeringa vil også bygge og vedlikehalde veg og bane gjennom ein rekordstor Nasjonal Transportplan.

Venstre ser moderne høgfartsbanar som eit avgjerande viktig samfunnsmessig grep for å binde Norge tettare samen, knytte oss betre og raskare til våre naboland og Europa, redusere avstandsulemper, bygge større bu-, arbeids- og kompetanseområde, styrke distrikta og samfunns- og næringsutviklinga over heile landet, samstundes som det vil bidra sterkt til å redusere norske klimautslepp.

Venstre i regjering sikrar at det framleis blir bygd ut breiband og fiber over heile landet. Vi har òg tru på regjeringa sine reformer for å flytte meir makt og mynde til dei folkevalde i fylka og kommunane. Det nye regionale nivået må styrkast med fleire oppgåver og meir ansvar.

Ei positiv næringsutvikling krev fleire kompetente hovuder og hender. Familieansvar, jobb, økonomi og lange avstandar kan gjere det krevjande å ta vidareutdanning. Det må verta enklare å ta sertifiseringskurs, fagskolekurs og teknologisk utdanning for å tilpasse seg et arbeidsmarked i endring og et grønt skifte og vekst. Ved ei betre organisering av studiesenter og studieklynger kan ein leggje til rette for fleire lærarar, førskolelærarar, sjukepleiarar og vernepleiarar over heile landet.

Berekraftig landbrukspolitikk er både god miljøpolitikk og god distriktspolitikk. I samarbeid med næringa og ved hjelp av dei landbrukspolitiske verkemidla ynskjer Venstre å styrkje og betre utnyttinga av ressursar i landbruket. Potensiale for innovasjon er stort. Det må støttast opp om initiativ for å redusera klimagassutslepp og avrenning, samt nye måtar å produsera energi.

For å sikre vidare utvikling og vekst i distrikta trengst fleire gode verkemiddel:

  • Arbeidet med kommune- og regionreform må halde fram. Gjennom reformene må oppgåver og makt flyttast frå staten til kommunane og fylkeskommunane.
  • Flytte fleire statlege kompetanseoppgåver til regionane.
  • Sørgje for midlar til rassikring av veg, vidare satsing på jernbane, ferjeavløysing og fleire ladepunkt for elbilar over heile landet.
  • Iverksette strekningsvise utgreiingar og forsere planarbeidet slik at det er mogleg å fatte vedtak om bygging av ein eller fleire høgfartsbanar i løpet av denne stortingsperioden.
  • Meir midlar til flaum- og rasutgreiing av bustadområde.
  • Satsing på utbygging av breiband og fiber.
  • Satse på små og mellomstore gardar og sikre rein mat, høg dyrevelferd og norsk matproduksjon over heile landet.
  • Gjennomgå velferdsordningane for bønder for å sikre fortsatt rekruttering av unge til landbruket.
  • Følgje opp jordvernstrategien.
  • Jobbe for at fleire distriktskommunar vert attraktive busettingskommunar for flyktningar og arbeidsinnvandrarar.
  • Styrke regionsentera gjennom etablering av statlege arbeidsplassar og satsing på næringsklynger, innovasjon og gründerar.
  • Legge til rette for at statlege tilsette i større grad kan behalde jobben ved flytting, så sant det ikkje går ut over vedkommandes arbeidsoppgåver.
  • Halde fram med å gje kommunane økonomisk handlingsrom slik at dei kan yte gode tenester.
  • Å gje gode nok tenester innan helse- og velferdssektoren vil bli ein utfordring i både store og små kommunar framover. Rett teneste på rett nivå og innovasjon vil bli prioritert. Det enkelte innbyggjar skal alltid stå i sentrum.

Fråsegn frå Telemark Venstre 09.04.2018

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**