STUDENTBEDRIFTSPRISEN 2018

Fra venstre foran: Trond Gunnar Skippervold-Hansen, Henrik Rønningen, Gøril Fagerlund Soldal, Linda Skjelbred, Magnus Dahl og Anders Schill Godager. Med blomster og diplom for tildeling Evy Beate Stykket. Bakre rad: Fra HSN Hans Martin Rugstad, Nils Per Hovland (I&E) og Runar Gundersen (I&E), Foto: Erik Falkenstein

STUDENTBEDRIFTSPRISEN 2018

Telemark Venstre vil gratulere Necesse SB ved HSN Bø, som vinnar av Studentbedriftsprisen 2018!

I tildelingsbrevet skriver leder Torgeir Fossli i Telemark Venstre:

«Telemark Venstre sin studentbedriftspris er meint å vere ein pris som skal stimulere og oppmuntre unge gründrear som tenker nytt og løysningsorientert rundt miljømessige og sosiale problem. Prisen er på kr. 5000,-

Årets prisvinnar er ei bedrift som på alle måtar fyller begge desse kriteria. Dei har utvikla eit portbelt vannreinseanlegg til bruk i flyktningeleirar og i krisesituasjonar. Ureint vatn er eit generelt miljøproblem med mange underliggande årsaker. Flyktningar og menneske som er ramma av krise, er ekstra sårbare og avhengig av reint vatn. Produktet til prisvinnaren er derfor eit hjelpemiddel som bøter på eit alvorleg miljøproblem, samtidig som det hjelper dei menneska som treng det mest.

Telemark Venstre er glade for å kunne gje støtte og oppmuntring til unge gründerar som viser evne til å tenke nyskapande og løysningsorientert rundt grunnleggjande og omfattande samfunnsproblem.»

Prisen ble den 30. april 2018 høgtideleg delt ut til Necesse SB av Evy Beate Stykket, som er leiar av Midt-Telemark Venstre. I tillegg til gründerlaget vart det tilstede ledande representantar frå Høgskulen, Campus Bø.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**