Stadionområdet kan bli vår Idrettscampus

Idrett skapar trivsel, sosialt nettverk og folkehelse, og er svært viktig for mange unge og vaksne Timebuar. Time Venstre vil sikra alle unge i kommunen tilgang til eit variert idrettstilbod. Me vil satsa på breddeidrett, og me ynskjer å arbeide for utvikling av ein idrettscampus i området ved Timehallen, stadionområdet og Bryne vidaregåande skule. Symjehall blei vedteke av politikarene no tidlegare i vår. No manglar me fleire hallar. Bryne FK vil byggje desse for oss, men treng Time kommune med på laget.

Planane til Bryne FK om å byggje to handballbanar og ein fotballhall på toppen, samt andre fasilitetar for idretten, står i fare for å bli nedstemt til fordel for at Time kommune heller vil byggje ein hall sjølv dersom rådmannen sitt forslag går gjennom jfr. Jærbladet 29.05. Idrettsvilkår, men og idrettsglede, barne- og unge sine oppvekstvilkår, dugnadsvilje folkehelse, kommuneøkonomi, jordbruksjord som blir spart, og mange, mange andre aspektar blir berørt av kva kommunestyret bestemmer seg for. Det er kostnader, og det er verdiar.

Det er lett å snakke om verdiar, men eg skal snakke om kostnader. Reknestykket til rådmannen over kostnadene i eit 25-års perspektiv gjev ei grei samanlikning. Der ser ein at prosjektet på stadion blir 25 mill. dyrare enn dersom Time kommune byggjer ein hall sjølv, altså kan me får ein idrettshall til 25 millionar . I kommunedelplanen for idrett, vedteke så seint som i fjor, står det at behovet i Bryne fram til 2025 er tre hallar. Eg har tru på det, for idretten opplever at hallkapasiteten er sprengt. Det er nemleg 32 år sidan ein idrettshall blei bygd på Bryne.

Hallplanane på stadion er vidare fyrste steg i forhold til å kome i gang med alle prosjekta som er regulert inn på stadionområdet. Ein reguleringsplan som kommunestyret har sagt ja til. Utan hallprosjektet trur eg det er stor fare for at heile prosessen stoppar opp. Reint næringspolitisk vil dette mest sannsynleg føre til eit stort inntektstap for kommunen. Time Venstre vil føra ein ansvarleg og langsiktig økonomisk politikk. Ein støtte til at Bryne FK realiserer ein idrettscampus, er nettopp det om ein ser på heile samfunnsrekneskapet.

 

Idrettslinja på Bryne VGS blir elles med det føreslåtte vedtaket satt i spel. Vil Bryne det som regionalt skulesenter? Har ikkje me eit ansvar for ungdomen her? Hallane på stadionområdet kan vere ferdig 2020/2021 dersom Time kommunestyret vel Bryne FK sitt alternativ. Eitt alternativ som gjev oss to hallar, og ikkje bare ein hall slik det no ligg an til om ein vel å følgje innstillinga til rådmannen.

Bjarte Solheim, Time Venstre

 

.

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**