Venstre meiner Vadset må med i kommunens nye arealplan

Eidet kulturhall, Kristian Stråmyr

Grunngjeve spørsmål til ordføraren i kommunestyremøtet 20. september.

Gruppeleiar Kristian Stråmyr.

I dag veks bygdene Tennfjord, Vadset, Eidsvik og Vatne stadig tettare saman. Difor er behovet for planar som heng med i utviklinga svært viktig. Med gode tilbod innan kultur, idrett og næringsliv er dette i dag ein kommunedel med sterk folkevekst. Samstundes er potensialet for utvikling av tenester og infrastruktur ganske stort.

Venstre er kjent med at kommunen har fått ein presentasjon for overordna plan for bustader, næring og miljø av representantar for Vatne Tennfjord Invest. Konseptet legg til rette for gangavstand til alle tenestene og sparer med det miljøet i området. Det etablerer også ei livslang boeining her då ein kan velje arbeidsplassar innan ein pendlingsavstand på 80000 innbyggarar under 45 minutt. Kort fortalt går planen ut på å:

  • bygge ut B7-feltet og knytte det saman med B6.
  • disponere området mellom Vatnevegen og den gamle postvegen til kombinert bustad, gågate og handel.
  • etablere Park & Ride-tilbod med torgløysing, og miljøgate langs Vatnevegen frå P&R-anlegget og forbi skulen.
  • legge til rette for vidare bustadbygging bak grustaket på Eidet mot sør.
  • lage gang- og sykkelveg som knyter saman Tennfjord Aust gjennom den eksisterande undergangen og vidare til nye bustadfelt på Vadset.

Venstre vil med dette be ordføraren om at kommunen tek stilling til denne planen i samband med utarbeiding av den nye arealdelen av kommuneplanen. Vi ynskjer også be ordføraren om å gi ei orientering til kommunestyret om framdrifta for arbeidet med arealplanen som jamfør planstrategien skal sluttførast i år.

Kristian Stråmyr

Haram Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**