Nye regionar gjev betre samferdsle der folk bur

Foto: Vedvik Photography

Semja om de nye regionane mellom Venstre, KrF, Høyre og Frp vil bety overføringar av nye oppgåver og arbeidsplassar. Eit viktig område er veg, fly og kollektivtrafikk. Regionane får større ansvar, og det vil bety betre tenester i vår region.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

Fylka har allereie ansvaret for kollektivtrafikken i dag. Det har vore viktig, fordi folk som bur i regionene best kjenner kvar skoen trykke. No vert fleire samferdslepppgåver flytta ut. Statens vegvesen har ansvar for vedlikehald av fylkesvegane. Dette vert no flytta til regionane. No blir det regionene sjølv, ikkje staten, som skal prioritere dei viktigaste vegstrekningane og nivået på vedlikehaldet.

 

Heilskap

Når regionene no får eit større og viktigare ansvar og mynde på heile samferdslefeltet, så gjev dette regionen høve til å tenkje heilskap innan veg, fly og kollektivtrafikk. Dette er eit døme på nye oppgåver som betyr noko for folk, der avgjerder no skal takast nærare folk.

 

Semja i Stortinget om overføring av oppgåver til nye og større regionar er viktig. Det gjeld fleire område, som næringsutvikling, landbruk, forskning, folkehelse, kompetanse og integrering, miljø og kultur. Regionreforma er eit høve til å unngå stadig meir statleg konsentrert makt. Kjerna i Venstres engasjement for regionreforma er ønskjet om desentralisering og p flytte makt frå embetsverk til folkevald styring. Difor er det uforståeleg at enkelte parti motset seg denne sjansen til meir lokalt ansvar.

 

Regionreforma har resultert i den mest omfattande nyteikninga av fylkeskommunale grenser sidan fylkeskommunen vart etablert. Informasjonsteknologi gjere at vi i dag kommuniserer på en heilt anna måte enn då fylkeskommunen vart etablert. I tillegg forventar innbyggjarane eit stadig meir sofistikert fylkeskommunalt tenestetilbod. Resultatet er at fysiske avstandar betyr mindre, medan sterke fagmiljøer betyr meir enn før. Gjennom ei årrekke har gamle strukturar blitt brukt som unnskyldning for auka maktkonsentrasjon i staten i Oslo. Den unnskyldningen fins det ikkje lenger noko belegg for. Den nye regioninndelinga opnar døra for reell desentralisering av makt.

 

Viktig arbeid gjenstår

Oppgaveoverføringa er avgjerande for at reforma skal lukkast. Regioninndelinga har no gitt oss sjansen til å overføre tunge oppgåver til fylkeskommunen. Hagen-utvalget har levert si anbefaling av oppgåver som bør flyttast frå statleg til fylkeskommunalt nivå. 19. oktober legg regjeringa fram sitt forslag.

 

Då gjenstår eit viktig arbeid i Stortinget. Alle parti bør støtte opp om ei overføring som resulterer i at fleire avgjerder blir tatt lokalt. Etter mitt syn har regionane eit endå større potensiale i utøving av oppgåver. Men det som no er lagt fram er ein god og avgjerande start i arbeidet med å flytte makt frå Oslo-kontora til heile landet. Alternativet er ei ytterlegare maktsentralisering ingen i Noreg er tente med.

 

Kontaktperson Gunhild Berge Stang, gruppeleiar Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**