Telemark Venstre ber om at historiestudiet i Bø får bestå

Historia av Nikolaos Gyzis, Foto: Wiki Commons

Det nyfusjonerte USN er i gang med å gå gjennom det dei har av studiar og emne i si portefølje for å effektivisere drifta si. Dei har til dømes studiar som går parallelt på fleire studiestader og konkurrerer med seg sjølve, det finst emne med få studentar over tid, og det er i det heile tatt mange gode grunnar til å rydde opp slik at ein kan konsentrere seg om dei områda ein ønsker å satse på framover. Men i ein slik prosess står ein alltid i fare for å kaste minst eitt barn ut med badevatnet.

Eitt av dei studia som nå ligg på bordet og blir vurdert avvikla, er historiestudiet i Bø. Telemark Venstre meiner det vil vere ei feilvurdering å fjerne eit så velfungerande studium. Det er fleire grunnar til dette:

Studiet går godt. Det er mange søkjarar til historie i Bø, spesielt nettstudentar. Det er vanskeleg å forstå behovet for å fjerne noko som har så mange søkjarar. Dei studentane som søker på nettstudiet vil stå utan tilbod, for det er altså ikkje snakk om å flytte nettstudiet slik at det blir administrert ved ein annan studiestad – ein vil legge det heilt ned og dermed avslutte eit velfungerande og nasjonalt unikt studium. For Telemark Venstre verkar dette noko hastig og lite planmessig. USN skal vere eit profesjonsuniversitet – historiestudiet fungerer som vidareutdanning for lærarar på ulike nivå i skuleverket, og er i så måte midt i gata for det USN skal drive med.

Studiestad Bø er tent med mangfald. Historiestudiet er del av eit samansett studietilbod i Bø. Dei som studerer språk, kombinerer ofte med historie, og dei fagleg tilsette bidreg inn på andre studieprogram. Tanken bak både masterprogrammet og doktorgraden i kultur er at dei skal vere ein paraply over eit tverrfagleg og fleirfagleg miljø der ein dreg nytte av kvarandre på tvers av fag. Å rykke historiefaget ut av den samanhengen vil si at ein byrjar å rakne noko ved å dra i ein liten tråd. Ei avvikling vil derfor ha effekt på svært mange område, og det mangfaldet som har prega studiestad Bø vil bli litt mindre.

Historie er viktig for fleire enn USN. Det er ikkje bare studentane som har glede av eit sterkt historiefagleg miljø i Bø. Det er samarbeid med lokalhistoriske nettverk, skular, museum og andre, og desse har også reagert kraftig på forslaget. Å rydde opp i eiga portefølje internt ved USN kan ikkje skje utan å skjele til konteksten ein står i. Me meiner at ein tek alt for lite omsyn til konteksten historie i Bø inngår i, dersom ein held fast ved forslaget om nedlegging.

Det er allmenn kjent at Venstre ikkje er redd for strukturendringar, så dette er ikkje ein kritikk av at ting endrar seg. Det er ikkje vanskeleg å sjå at USN må rydde opp etter fyrst ein stor og omfattande fusjon og så ei universitetsakkreditering som kravde all energi i ein lang periode. Men når ein har så mange ting å rydde opp i, verkar det urimeleg at ein byrjar med eit studium som går godt, som har ein lang og sterk tradisjon, og som er eit viktig bidrag på så mange ulike område både eksternt og internt ved USN. Telemark Venstre vil derfor på det sterkaste anbefale at forslaget om nedlegging ikkje blir tatt til følgje, men at historiestudiet i Bø får bestå og fortsette å bidra med det dei allereie har vist at dei er gode på.

Torgeir Fossli

Marius Skeie

Solfrid Rui Slettebakken

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**