Gunhild Berge Stang på topp for Vestland Venstre

Foto: Jostein Vedvik

Nominasjonsnemda for Vestland Venstre har samrøystes føreslått Fjaler-ordførar Gunhild Berge Stang som listetopp til det nye Vestland fylke.

Gunhild peika seg tidleg ut som eit naturleg førsteval. Ho har solid erfaring både som ordførar, fylkestingsrepresentant i Sogn og Fjordane og som medlem av Venstres landstyre. Ho har både tillit og standing innad i Venstre – lokalt og nasjonalt, seier leiar i nominasjonsnemda, Peder Lofnes Hauge.

Delt innstilling på andreplass

På andreplass har nemnda levert ei delt innstilling, mellom Geir Kjell Andersland og Anne-Beth Njærheim. Begge sit på fylkestinget for Hordaland Venstre i dag. Nemnda meiner begge to vil vere gode andrekandidatar, både i valkampen og ikkje minst i det politiske arbeidet i Vestland fylkesting.

– Både Geir Kjell og Anne-Beth har lang politisk røynsle og nemnda syntes det var krevjande å velje. Vi vektla ulike moment, og landa på ei delt innstilling, seier Lofnes Hauge.

Unge Venstre på tredje
Nominasjonsnemda har samrøystes føreslått Agnes Hoshovde Bernes på tredjeplass. Ho var Unge Venstre sin prioriterte kandidat. Agnes sit i kommunestyret i Radøy og er innstilt til Unge Venstres sentralstyre.

– Det er kjekt å kunne plassere unge kandidatar høgt på lista. Agnes er eit stort talent som Vestland Venstre ynskjer å satse på, seier Lofnes Hauge.

I nominasjonsarbeidet har nemnda så langt som råd forsøkt å balansere omsynet til geografi- og kjønnsfordeling.

– Denne lista tek omsyn til både kontinuitet og fornying. Nemda er nøgde med heilskapen og meiner dette ei god liste som heile Vestland Venstre kan stille seg bak, seier Lofnes Hauge.

Dette er eit framlegg frå nominasjonsnemda. Den endelege vallista blir vald på Vestland Venstre sitt nominasjonsmøte i Førde den 10. november.

Kontakt:
Gunhild Berge Stang – 976 53 785
Leiar av nemnda Peder Lofnes Hauge – 951 22 689

Innstilling til fylkesliste for Vestland Venstre

  1. Gunhild Berge Stang, Fjaler
  2. Anne-Beth Njærheim, Bømlo/Geir Kjell Andersland, Bergen (Delt innstilling 5/5)
  3. Agnes Hoshovde Bernes, Ungdomskandidat/Alver
  4. Alfred Bjørlo, Stad
  5. Tom Hiis Bergh, Bergen
  6. Elizabeth Toft Erichsen, Øygarden
  7. Astrid Hårstad Knutsen, Bergen
  8. Jan Henrik Nygård, Kinn
  9. Åsta Årøen, Bergen
  10. Torstein Tvinnereim, Stryn
  11. Geir Angeltveit, Stord
  12. Jon Ove Lomheim, Luster
  13. Margunn Østrem, Voss
  14. Jan Børge Sagmo, Bergen
  15. Nina Herland, Ullensvang
  16. Ingrid N. Fjeldstad, Bergen
  17. Daniel Gangeskar, Kinn
  18. Hanna Menes, Sogndal
  19. Astrid Dale, Bjørnafjorden
  20. Njål Eliasson, Kinn
  21. Grete Line Simonsen, Bergen
  22. Bjørn Tore Sund, Osterøy
  23. Terje Horvei, Aurland
  24. Marit Gjerstad, Bergen
  25. Rolf Nesheim, Alver
  26. Else Mundal, Sogndal
  27. Anton Engen, Bergen
  28. Ragnhild Handeland, Kvinnherad
  29. Gunn Merete Paulsen, Sunnfjord
  30. Galo Austegard, Bergen
  31. Kari Østervold Toft, Øygarden
  32. Kjersti Brevik Møller, Bergen
  33. Ronny Knutsen, Askøy
  34. Bjørn Arne Mjåseth, Askvoll
  35. Siri Kristoffersen Hamre, Bergen
  36. Jostein Osnes, Etne
  37. Kariann Myklebust Fagerli, Stad
  38. Jo Lerheim, Bergen
  39. Elin Seim, Voss
  40. Morten Holmberg, Vik i Sogn
  41. Idun Bortne, Bergen
  42. Astrid Larsen, Stord
  43. Elias Slåtten, Sunnfjord
  44. Lene Hatlem Søvik, Bergen
  45. Tove Kristin Sleire Tistel, Masfjorden
  46. Marianne Øren, Lærdal
  47. Njaal Neckelmann, Bergen
  48. Merethe Jentoft, Askøy
  49. Kåre Jarl Langeland, Bremanger
  50. August Simonsen, Bergen
  51. Bjørn Magne Hufthammer, Austevoll
  52. Ingebjørg Flyum Bjørlo, Stad
  53. Marius Solberg, Bergen
  54. Ingrid Nisamjan, Kvam
  55. Åge Avedal, Sunnfjord
  56. Harald Queseth, Bergen
  57. Vanja Espeland, Bømlo
  58. Bjarte Gangeskar, Gloppen
  59. Gard Aasmund Skulstad Johanson, Bergen
  60. Brith Ediassen, Øygarden
  61. Gunnar Osland, Askvoll
  62. Lars- Jacob Hove, Bergen
  63. Mona Haugland Hellesnes, Ulvik
  64. Klaus Iversen, Kinn
  65. Julie Andersland, Bergen
  66. Synnøve Handeland, Kvinnherad
  67. Vigdis Tonning, Sunnfjord
  68. Anne Kristin Villar Sundal, Stad
  69. Erlend Horn, Bergen
  70. Ingebjørg Winjum, Voss

————————————————-

Den felles nominasjonsnemnda for Sogn og Fjordane Venstre og Hordaland Venstre har vore samansett slik:

Medlemmene i nominasjonsnemnda frå Sogn og Fjordane Venstre er:

  1. Gunvald Ludvigsen, Eid
  2. Vigdis Tonning, Jølster
  3. Eva Ramstad, Sogndal
  4. Marit Barsnes Krogsæter, Flora
  5. Unge Venstre: Anne Kristin Sundal

Medlemmene i nominasjonsnemnda frå Hordaland Venstre er:

  1. Peder Lofnes Hauge, Bergen
  2. Ingebjørg Winjum, Granvin
  3. Synnøve Handeland, Kvinnherad
  4. Kjersti I. Vevatne, Venstrekvinnelaget
  5. Unge Venstre: Naomi Ghebiregzabher

Peder Lofnes Hauge har vore leiar av nemnda

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**