Referat styremøte Time V

Styremøte i Time Venstre måndag 29.10.2018, før gruppemøte 19.00

Til stades: Bjarte Solheim, Unni Fuglestad, Åge Fjermestad og Gjert Bjerkevoll

 

Saker:

1.Valgnemd til styre: Innstilt, Gjert og Ingebjørg
​-Vedtatt

2. Organisering av programarbeidet:
​- Unni leder programkomiteen. Arbeidet vil starte med idémyldring på årsmøte
– Unni vil invitere til opne tema møter frå januar og utover – slutte med eit ope møte før Jærdagshelga, endeleg vedtekeprogram i månadsskifte april mai.

3. Ope møte om programmet
​- Biblioteket ein laurdag. – Drøs om programmet, kva er viktige saker dei neste åra. Planen er å halde møte ein laurdag i Januar/februar

4. Interpellasjon/spørsmål om barnefattigdom
Time har ein plan om dette der det mellom anna er utlån av utstyr. Sportsutstyr som ski og skøyter. Korleis fungerer ordninga? Korleis blir det informert om? Osv. Bjarte vil skrive ein interpellasjon til neste kommunestyre.

Burde Kjartan av og til satt på eit av våre namn på lesarbrev til Jærbladet? Det kan vere lettare å få brev på trykk når det er lokale namn, og det viser gjerne også meir igjen med lokale namn på breva. Gjert kontaktar Kjartan om dette.

5. Moglege saker å profilere partiet på i haust
Interpellasjonar og eller lesarbrev om barnefattigdom, elbilar og sosialhjelp.
Saka om elbilar vil Bjarte ta opp neste kommunestyre. Åge vil følgje opp ei sak om at barnefamiliar får mindre sosialstønad enn familiar utan barn. Dette av di barnetrygda vert rekna med i inntektsgrunnlaget.

Gjert skal sende mail til Birgit om å få tilsendt lesarbrev frå sentralt som vi kan sette namna våre under.

6. Eventuelt
Åge foreslår at vi setter framover opp på kvart møte kva saker vi skal profilera og kven som skal skrive saka. Styret vedtar at vi gjer det på den måten framover.


Referent

Gjert Bjerkevoll

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**