Bli med på utforminga av fylkesvalprogrammet for Vestland Venstre

Caleb Roednik

Vestland Venstre sitt valprogram for neste fireårsperiode utformast no, og vi vil gjerne høyre di meining! Programnemnda la fram sitt førsteutkast til program 1. november og dette går no ut på høyring i organisasjonen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**

Her finn du førsteutkastet til program

Geir Kjell Andersland er leiar av programnemnda.

Les meir om kven som sit i den felles programnemnda her.

Nemnda har presentert utkastet på den lokalpolitiske samlinga som var i Førde i helga og det var gruppearbeid og debatt i plenum.

Nemnda håpar at medlemmene blir glade, engasjerte, inspirerte og litt provoserte av å lese førsteutkastet. Vi treng ein god debatt om kva Venstre skal gå til val på i nye Vestland fylke i 2019.

God lesnad!

Medlemmer og lokallag har no frist fram til 24. november til å kome med innspel og endringsframlegg til førsteutkastet.

OBS! Endringsframlegg sendast inn elektronisk via denne lenka

Andre utkast fra programnemnda kjem deretter kring 10. desember.
Frist for endringsforslag til dette vert rett over nyttår.

Det endelege valprogrammet skal vedtakast på eit felles programmøte i Jølster årsmøtehelga 2. – 3. februar 2019.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**