#frivilligisunnfjord – årets adventskalender

Foto: Rawpixel på Unsplash

Frivillig arbeid betyr mykje for oss som bur i det som skal bli Sunnfjord kommune. Vi har difor vald å lage ein annleis adventskalender, der vi løftar fram den frivillige aktiviteten i den nye kommunen vår.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**

Kvar dag kan du opne ei luke i adventskalenderen vår på Facebook: www.facebook.com/sunnfjordvenstre.

I nye Sunnfjord kommune finn vi godt over 500 lag og organisasjonar. Desse skapar aktivitet, samhald, felles opplevingar og identitet. Dei tek eit stort samfunnsansvar for folkehelse og inkludering. Kvar dag skal vi løfte fram døme på dette, for å markere at dette er ein bærebjelke i Sunnfjord som treng støtte og ein heilskapleg frivilligheitspolitikk.

Norge er verdsmeister på dugnad og frivilligheit. Frivilligheitsbarometeret for 2017 viser at over 60 % av befolkninga i Norge har gjort dugnad siste året. Verdiskapinga i frivillig sektor er rekna ut til å vere på fleire hundre milliardar kroner eller nærmare 150 000 årsverk. I Sogn og Fjordane står frivillig sektor spesielt sterkt, og tal frå kulturindeksen for Sogn og Fjordane 2017 viser at vi ligg godt over landssnittet når det gjeld frivillig innsats.

Det bør vere ei viktig oppgåve for politikarane i det som skal bli Sunnfjord kommune å legge til rette slik at samarbeidet og dialogen mellom frivillige og kommunen blir god. Det må også hentast inn kunnskap om det store mangfaldet av tilbod og tenester ein finn innan frivillig sektor, og vi må støtte opp økonomisk om arbeidet.

Vi skal bidra til dette. Det skal vi gjere på mange måtar. No i adventstida skal vi bidra med å bringe dei frivillige fram i lyset. Vi har mykje felles av frivillig aktivitet, og det er noko for nær sagt einkvar smak og einkvar alder. Når vi har diskutert dette, så ser vi at vi har ein stor rikdom å ta av. Vi får aldri gjort dette heilt rettferdig, difor har vi løfta fram kategoriar med gode døme frå ulike delar av den nye storkommunen. Følg med. Dette kan vi lære noko av, alle som ein. Difor ber vi deg like, dele, kommentere og gjerne tagge personar og lag som gjer noko flott innanfor kvar kategori.

Følg adventskalenderen vår på Facebook-sida til Sunnfjord Venstre eller gjennom emneknaggen #frivilligisunnfjord

God adventstid!

Helsing oss i Sunnfjord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**