Sunnfjord Venstre si liste til kommunevalet 2019

Topp fem, Sunnfjord Venstre. F.v. Elias Slåtten, Elisabet Kjerstad Bøe, Atle Hamar, Gunn Merete Paulsen og Åge Avedal. , Foto Anne Mette Hjelle

Atle Hamar, Gunn Merete Paulsen, Åge Avedal, Elisabet Kjerstad Bøe og Elias Slåtten er topp fem på Sunnfjord Venstre si liste til kommunevalet 2019.

Sunnfjord Venstre gjennomførte nominasjonsmøte søndag 20. januar, og valde der 37 personar til kommunelista 2019.

– Sunnfjord Venstre stiller ei solid liste til kommunevalet 2019. Her er ei god blanding av personar med lang røynsle frå kommunepoltikken, og yngre krefter som er topp motiverte for politisk arbeid i den nye kommunen. På topp har vi Atle Hamar og Gunn Merete Paulsen. Samla utgjer dei ein god miks med tanke på erfaring frå politikk på både nasjonalt og lokalt nivå, seier Eivind Standal Husabø, leiar i nominasjonsnemnda.

Toppkandidatar med allsidig bakgrunn
Øvst på lista til Sunnfjord Venstre finn du Atle Hamar (55), statssekretær i Klima- og miljødepartementet og mangeårig politikar lokalt i Jølster kommune, og på fylkesplan og landsplan i Venstre.

Andreplassen har Gunn Merete Paulsen (45), jurist og direktør i Lotteri og stiftelsestilsynet i Førde. Paulsen sit i dag som fast representant i bystyret i Førde og i fellesnemnda for Sunnfjord kommune.

Tredjeplassen på lista har Åge Avedal (39), regionleiar i barne- og ungdomsorganisasjonen 4H. Avedal er leiar i Sunnfjord Venstre og 1. vara til bystyret i Førde.

På fjerdeplass på lista står Elisabet Kjerstad Bøe (38), prosjektleiar i teknologiselskapet Tibber. Bøe har tidlegare hatt verv i Miljøpartiet Dei Grøne.

Elias Slåtten (17) er Sunnfjord Venstre sin ungdomskandidat. Slåtten er elev ved Firda vidaregåande skule, sit i styret i Vestland Unge Venstre og er leiar i Gloppen Unge Venstre.

Fråsegner og valprogram
Sunnfjord Venstre gjennomførte både nominasjonsmøte og årsmøte 20. januar, og vedtok mellom anna fråsegner frå årsmøtet som gjeld frivilligheitspolitikk, krigsveteranar, stadutvikling, innsamling av matavfall, kommunen som samfunnsutviklar og om nettbrett til alle elevane i skulane i nye Sunnfjord kommune. Årsmøtet diskuterte også valprogram for Sunnfjord Venstre 2020 – 2023.

Årsmøtet valde Åge Avedal som styreleiar i Sunnfjord Venstre i 2019, med Vigdis Tonning, Eivind Standal Husabø, Birgit Tansøy og Ole-Magnus Kapstad som styremedlemer.

Her er heile lista til kommunevalet i Sunnfjord kommune 2019:

Plass nr Namn Stad Kommune
1 Atle Hamar Vassenden Jølster Kumulert
2 Gunn Merete Paulsen Førde Førde Kumulert
3 Åge Avedal Angedalen Førde
4 Elisabet Kjerstad Bøe Bjørvikstranda Gaular
5 Elias Slåtten Unge Venstre Jølster
6 Vigdis Tonning Vassenden Jølster
7 Eivind Standal Husabø Naustdal Naustdal
8 Kurt Hafstad Førde Førde
9 Judith Kapstad Vassenden Jølster
10 Magnhild Runde Førde Førde
11 Øystein Adler Øvrebø Sande Gaular
12 Ole Magnus Kapstad Vassenden Jølster
13 Hildegunn Risnes Gjelsvik Eikås Jølster
14 Øystein Garfors Naustdal Naustdal
15 Jo Ueland Førde Førde
16 Anne Mette Hjelle Førde Førde
17 Ryias Hazeem Førde Førde
18 Vidar Taklo Ålhus Jølster
19 Tor Emil Olsen Foslid Vassenden Jølster
20 Karl Andre Eikenes Unge Venstre Førde
21 Rakel Apneseth Svidal Jølster
22 Birgit Tansøy Vassenden Jølster
23 Sirianne Svindland Førde Førde
24 Eva Solveig Sunde Vassenden Jølster
25 Håvard Slåtten Ålhus Jølster
26 Torbjørn Os Naustdal Naustdal
27 Oddvar Svidal Ålhus Jølster
28 Berit Ekerbakke Naustdal Naustdal
29 Bertil Hamar Unge Venstre Jølster
30 Britt Kari Vasstein Vassenden Jølster
31 Leif Gabriel Kapstad Vassenden Jølster
32 Ann Hennika Sjåstad Løset Vassenden Jølster
33 Aud Sletteland Soleim Førde Førde
34 Jan Ove Hårklau Vassenden Jølster
35 Jan Tønder Taule Førde Førde
36 Inger Johanne Sætenes Vassenden Jølster
37 Astrid Juklestad Førde Førde
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**