Dei viktigaste sakene våre

Sauda Venstre

Ein sunn økonomi

Sauda skal ha ein ansvarleg økonomi som kan møta framtidas utfordringar. Sauda Venstre meiner det er viktig at kommunen er forsiktig med investeringane sine og at risiko i kvart prosjekt må vurderast nøye. Sauda treng nye arbeidsplassar, men me må ikkje vera godtruande og naive. Kommunen må våga å setja krav til eventuelle nye etableringar. Sauda Venstre vil heia på gründerar og gje støtte til utvikling av nye, livskraftige idear.

Sats på kunnskap

Ein god oppvekst varer livet ut. Sauda Venstre vil leggja til rette for gode oppvekstvilkår i skule og på fritid. Sauda Venstre vil arbeida for å gje alle elevar sjansen til å lukkast ved m.a. å styrka opplæringa i barnehage og i småskulen. Sauda Venstre vil støtta dagens skulemodell. Vidare vil Sauda Venstre kjempa for vilkåra for den vidaregåande skulen i Sauda. Skulen er ein viktig arbeidsplass, og det er avgjerande for Sauda å ha gode opplæringstilbod i kommunen.

Eit levande sentrum

Sauda Venstre meiner eit mangfaldig sentrum gir eit levande sentrum. Det skal vera attraktivt å handla, arbeida og bu i sentrum. For at me skal ha butikkar, kafear og næring i sentrum òg i framtida, må me alle ta ansvar og bruka tilboda og handla lokalt. Sauda kommune bør gå føre med eit godt eksempel ved å støtta det lokale næringslivet (t.d. vurdera innkjøpsordninga si). Sauda Venstre meiner eit attraktivt sentrum bør ha grøne lunger og gågater og vil vurdera gågate laurdagane i t.d. Skulegata. Sauda Venstre seier nei til søndagsopne butikkar.

Kultur og identitet

Sauda Venstre vil arbeida for eit yrande kulturliv og eit variert kulturtilbod for alle aldersgrupper. Me meiner det er viktig å ta vare på kulturarven vår, som t.d. vern av Stasjon III som er ein viktig del av vasskrafthistoria vår. Kulturarven vår er noko av det som gir særpreg til Sauda, og kulturplanen er eit godt grunnlag for nettopp dette. Sauda Venstre vil og legga til rette for å utvikla kultur som næring.

Klima

Dei neste 10 åra er dei mest avgjerande for ein klima-snuoperasjon. Sauda Venstre meiner at det i klimaspørsmål er viktig å tenka globalt, men handla lokalt. Sauda Venstre meiner kommunen skal ha ein årleg klimatiltaksplan med konkrete mål, eige budsjett og tidsressurs, samt søkja klimasamarbeid med andre kommunar og fylkeskommunen.

Samferdsel

Sauda Venstre vil oppretthalda hurtigbåttilbodet mellom Sauda og Stavanger. Båtruta er viktig for infrastrukturen i Sauda og resten av indre Ryfylke. Hurtigbåten er det mest attraktive reisemiddelet når ein skal reisa mellom Sauda og Stavanger. Å miste båtruta er som å gå baklengs inn i framtida. Direkte båtforbindelse gir mindre privatbilisme, som igjen fører til mindre slitasje på vegar og mindre CO2-utslepp. Sauda Venstre vil arbeida både lokalt og sentralt for at båtruta skal bestå, og oppmoda fylket om å utfordra transportørane på å finna nye teknologiske løysingar som kan redusera utslepp og reisetid.

Sauda Venstre støtter arbeidet med ny vegforbindelse til E134.

Kommunikasjon

Sauda Venstre meiner det må vera ein open og lett kommunikasjon mellom kommuneadministasjonen og innbyggjarane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**