Gründerpolitikk i heile landet

Ein rapport frå inFuture, på oppdrag frå Forskningsrådet (april 2017), viser at tilsette i små bedrifter skapar mykje større verdiar enn tilsvarande tal for større bedrifter. For kommunar som er opptekne av å leggje til rette for auka jobbskaping er difor gründersatsing ein viktig stad å begynne. Foto: André Clemetsen

Venstre ønsker å leggje betre til rette for innovasjon og nyskaping over heile landet, og kommunane bør ta grep ved å etablere eigne strategiar for gründerskap. Arbeidsplassar vert skapte lokalt og alle lokalsamfunn bør ha sin eigen plan for korleis ein skal sikre nyskaping og fleire bedriftsetableringar i lokalsamfunnet og regionen sin.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**

Uttalelse vedtatt på Venstres landsstyremøte i Oslo, 9.-10. februar 2019

Nyskipa bedrifter står for to – tredelar av all jobbskaping i privat sektor. Ein rapport frå inFuture, på oppdrag frå Forskningsrådet (april 2017), viser at tilsette i små bedrifter skapar mykje større verdiar enn tilsvarande tal for større bedrifter. For kommunar som er opptekne av å leggje til rette for auka jobbskaping er difor gründersatsing ein viktig stad å begynne.

Fleire fylkeskommunar og kommunar har allereie teke dette på alvor og laga sine eigne gründerstrategiar. I desse strategiane har ein med både skule, Nav, Innovasjon Norge, SIVA og lokale hjørnesteinsbedrifter i gründersatsinga.

Venstre har sikra viktige gjennomslag for gründerar og sjølvstendig næringsdrivande nasjonalt, med styrking av pensjonssparing, sjukeløn og retten til arbeidsavklaringspengar. Næringshagane og Innovasjon Norges sine tilbod er styrka, og det er i tillegg etablert ei rekke såkorn og pre-såkornfond som lettar tilgangen på risikokapital, og som skal investere i nyskapande idear over heile landet. Satsingane må skje lokalt, og her vil det være konkurranse mellom kommunar og regionar om å lokke til seg dei mest innovative kreftene.

Venstre meiner at ein lokal gründerstrategi må omfatte alle sektorar, og ein må ha tiltak som sikrar kompetanse, kapital og infrastruktur. Strategien må ta utgangspunkt i lokalsamfunnet og dei moglegheitene som finst der, og den bør ta inn over seg dei moglegheitene som kjem med større regionar og ei sterkare regional hand på verkemidlane for næringsutvikling.

Det handlar og om å skapa ein kultur for innovasjon og nyskaping, gjennom entreprenørskap i skulen, tett samhandling mellom offentlege aktørarar og næringsliv for å få forståing for utfordringane og ikkje minst ei kopling til ulike utdanningsinstitusjonar i området.

Ein gründerstrategi kan mellom anna:

  • Styrke nettverk mellom gründerar og lokale næringslivsleiarar.
  • Samle rådgjeving og tenester for gründerar i ei kommunal eining.
  • Oppmuntre til fleire kommunale oppdrag til sosiale entreprenørar.
  • Leggje til rette for utveksling mellom gründerføretak og kommunalt tilsette.
  • Inkludere gründerskap på alle skuletrinn, utarbeida i samarbeid med lokalt næringsliv.
  • Bruke statlege ordningar som Ungt Entreprenørskap for å fremje entreprenørskap blant unge innbyggarar.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**