FRÅSEGN: TELEMARK VENSTRE SEIER NEI TIL VINDTURBINAR PÅ LAND

Foto: Marius Skeie

Telemark Venstre seier nei til vindturbinar på land

Noreg har eit unikt utgangspunkt som Europas største vasskraftsnasjon. Me har ei rekke eksisterande anlegg som ved hjelp av redesign og nye løysingar kan oppnå langt høgare auke i energiproduksjon enn det dei har i dag.

Det bør vere eit mål å ruste opp eldre kraftverk utan store inngrep. Ved å oppgradere eldre vasskraftverk vil ein ofte kunne framstille energi på ein rimeleg og enkel måte. Opprusting av turbin og vassveg treng ofte ikkje ny konsesjonsbehandling, og dei fleste av dei er ikkje i strid med andre interesser, og er difor enkle å realisere. Men vasskrafta skatteleggjast i dag sterkt, og me må sjå på kva me kan gjere for å gjere det lettast mogleg å investere i eksisterande anlegg for dei som må ta kostnadane. Vasskrafta er vår fremste fornybare næring, og ein føresetnad for rein industri og trygg kraftforsyning i Noreg!

Vindkraft på land har store konsekvensar for norsk natur. Rasering, støy, ljos, tap av naturmangfald og reduserte naturopplevingar er vesentlege inngrep. Landbasert vindkraft krev store areal og fører til store inngrep i naturen med sine breie vegar, montasjeplassar, trafoar og kraftliner. Sjølve vindturbinane, som no kan vere 150-200 meter høge, ruver i landskapet i mils omkrins. Natteroen og naturlege ljos blir forstyrra av støy og skugge frå roterande turbinvenger, og om natta lyser navigasjonsljosa på vindturbinane.

Fleire stader er det stor folkeleg motstand mot den innverknad på naturen som vindkraftutbygging på land medfører.

Noregs vassdrags- og energidirektorat har peika ut nesten alle dei store fjellområda i Telemark som aktuelle for vindkraftutbygging. NVE sine analyseområde i Telemark omfattar Lifjell/ Mælefjell, Skorve, Gaustaområdet, delar av Blefjell, Sauheradfjella, Skrim, Nissedal/Treungen, Vrådal, Fyresdal og Brattefjell/Vindeggen. Me må ikkje øydelegge fjella våre med vindturbinar!

Me må difor mane til føre var-prinsippet ved framtidig satsing på vindturbinar på land, og seie ja til meir forskingsinnsats for å få til offshore vindkraft!

Fråsegn vedteken av fylkesstyret 28. februar 2019.