– Ei framtidig divisjonsleiing må leggast til nye Sogndal kommune

Gruppebilde
Trude Risnes flankert av Jon Gunnes (t.v.) og Atle Hamar på landsmøtet i Venstre., Foto: Venstre

Sogndal Venstres ordførarkandidat Trude Risnes nytta Venstres landsmøtet til å jobbe for styrking av Vegvesenet i nye Sogndal.

– Statens vegvesen er i omorganisering. Går ein for divisjonar, som det kan sjå ut til, er det viktig at leiinga av ein av desse ligg i nye Sogndal kommune. Dette har eg tatt opp med sentrale folk i Venstre under helgas landsmøte i Trøndelag, og får støtte, seier Trude Risnes.

Risnes har hatt møte med Jon Gunnes i Samferdslekomiteen på Stortinget og Atle Hamar, statssekretær og leiar i Venstre sitt distriktspolitiske utval under landsmøtet. Vegdirektoratet vil i løpet av våren legge fram forslag til framtidig organisering og lokalisering av fagmiljø og kontor i Statens vegvesen. I nye Sogndal kan dette få konsekvensar for regionvegkontoret på Leikanger og trafikkstasjonen i Sogndal.

– Ved siste omorganisering i 2003 vart regionvegkontora bevisst lagt utanfor dei største byane. Og fagmiljøa ved regionvegkontoret i Leikanger har løyst sine oppgåver godt. Region Vest har dei største utbyggingsprosjekta og spisskompetanse på fjernleiing, strategisk prosjektstyring, rassikring, bruer og tunnelar. Region Vest i Statens vegvesen blir i dag leia frå Leikanger, med fagmiljø i alle deler av regionen. Ein framtidig divisjon kan godt leggast hit, slår Risnes fast.

I nye Vestland fylkeskommune er det vedteke at fagområdet Veg og infrastruktur skal leiast frå Leikanger. Ein viktig grunn var samordning med det sterke fagmiljøet ved Statens vegvesens regionvegkontor.

Venstre sitt landsmøtet vedtok eit distriktspolitisk program. Der er lokalisering av statlege arbeidsplassar over heile landet ei viktig sak. I distriktsprogrammet står det mellom anna at Venstre vil «Som hovudregel at ingen nye statlege arbeidsplassar skal lokaliserast i Oslo, og at det innan 2021 skal utarbeidast ein heilskapleg plan for statlege arbeidsplassar i regionsentera».

– Ei plassering av divisjonsleiinga til Statens vegvesen i nye Sogndal kommune vil etter mitt syn vere i tråd med både Venstre sin politikk, og med det som står om statlege arbeidsplassar i regjeringsplattforma.

– Region Vest er den tyngste vegregionen i landet, og vil også vere det framover. Leiinga skjer frå Leikanger, med fagmiljø i alle deler av regionen. Vi må bygge vidare på desse fagmiljøa, i ein framtidig divisjonsmodell, med ei divisjonsleiing lokalisert til Leikanger, i nye Sogndal kommune.