Skaarer toppar Venstre-lista

Foto: Anna Camilla Sandbu / Statkraft

Anders Skaarer håper på plass i kommunestyret, kor han ser fleire lokale og regionale saker å kjempe for. – Særleg Kolumbus-sakene har vore ein brannfakkel for min del.

av Even Emberland / avisa Ryfylke

I vinter varsla Sauda Venstre at dei har ambisjonar om å komme inn igjen i kommunestyret i haustens lokalval. Partiet fekk 2,3 prosent av stemmene ved førre kommuneval. Dermed mista dei den eine representanten dei hadde hatt i perioden 2011-2015.

Eg har lyst til å vere med, og bidra i diskusjonar om korleis me vil ha det i Sauda.

Anders Skaarer er partiet sin listetopp og deira kumulerte kandidat. 40-åringen har dei siste åra vore engasjert i Sauda Venstre, sjølv om partiet ikkje har vore representert i kommunestyret.

– Eg merkar at eg har eit aukande engasjement for lokalsamfunnet her. Særleg Kolumbus-sakene har vore ein brannfakkel for min del. Det gjorde at eg sa ja til å vere øvst på lista, eg har lyst til å vere med, og bidra i diskusjonar om korleis me vil ha det i Sauda, seier Skaarer.

Åtte på lista

Sauda Venstre var siste lokale parti til å sende si valliste til kommunen. Det blei gjort måndag denne veka, etter at styret lenge har jobba for å lande nok kandidatar til å stille liste. Partiet si liste består av åtte personar, fem menn og tre kvinner. Av dei åtte kandidatane er fem med i Sauda Venstre sitt styre. Dei tre øvrige på lista er Tore Bastlien Dahl, Øyvind Årthun og Anne Brit Solland.

– Me klarte å få til ei liste i siste minutt. Det har ikkje vore så enkelt. Me har merka at me har fått litt motbør på grunn av at me har sentrale politikarar som er mykje i media om dagen, og då ikkje nødvendigvis med bare positive saker. I tillegg er det mange kandidatar som alt har engasjert seg for andre parti, som jo er kjekt å sjå, forklarer listetoppen.

Miljø, turisme og budsjett

Skaarer er spent på utfallet av kommunevalet, og om Venstre kjem tilbake i varmen.

– Eg håper me er så interessante at me klarer å komme med. Det er lite som skal til ved eit lokalval. Ein stemme her og ein stemme der kan vippe det i den eine eller andre retninga, meiner han.

– Kva saker blir viktige for de for å overbevise saudabuar?

– Det er vanskeleg å seie spesifikt. Det blir viktig å halde den gode stimen kommunen er inne i nå med gode tal frå budsjett og rekneskap, etter fleire tyngre år. Så må me jobbe det me kan for å løfte lokalsamfunnet opp og fram. Det er mykje positivt som skjer her, til dømes med turistnæringa og Allmannajuvet, og me vil bygge vidare på det. Det betyr at me må ut, vise oss fram og knyte band på Haugalandet, i Ryfylke og vidare. I tillegg har me ei lita fanesak om at kommunen ikkje er sterkt nok forplikta i kampen for klimaet. Me meiner at me må lage oss tydelegare mål enn kva me har i dag. Det må vere mål som er tilpassa Sauda, og at me forpliktar oss skikkeleg til dei.

– Open i alle retningar

Sist Sauda Venstre var del av kommunestyret, navigerte dei både på høgre og venstre side i det politiske landskapet for å finne samarbeidspartnarar og einigheit. Om partiet igjen kjem inn, er det ei linje Skaarer og Sauda Venstre igjen ser for seg å legge seg på.

– I utgangspunktet er me opne for alt. Me har ikkje lagt føringar for kva me kjem til å tenke rundt samarbeid, om me kjem inn og i posisjon. Ofte er eit lokalval meir personavhengig enn partiavhengig for kva folk stemmer, så eg tenker det er naturleg å vere open i alle retningar, forklarer Skaarer.