Våre barn, Norges ansvar

Foto: colourbox.com

Det er ein stor debatt i Norge vedrørande norske barn som har foreldre med ein relasjon til IS. 40 av desse barna er internerte i leirar med svært vanskelege forhold, etter krigen i Syria. Norge har svart at sjølvsagt har desse barna, som har norsk statsborgerskap, rett til å komme til Norge. Samtidig ønskjer ikkje norske styresmakter å aktivt bistå desse barna med å komme seg til Norge.

IS sin rolle i Syria er vanskeleg å beskrive, men det er uten tvil at IS har utført grove terror- og valdshandlingar mot uskuldige mennesker. Desse handlingane må etterforskast og behandlast i rettsapparatet. Det er naturleg at norsk rettsapparat tek hand om forfølging av straffbare handlingar utført av norske personar som har knytt seg til IS. Vi treng også meir kunnskap om desse valga, var det idelogisk overbevisning eller ungdommelig impulsivitet? Og var det å flykte frå IS når ein først gjekk inn, eit reellt valg?

Born har eigne rettar, uavhengig av foreldrene, uansett om dei er innanfor eller utan landets sine grenser. Norge har forbetringspotensiale her. I haust kom det omsider ei orsaking for korleis Norge handsama rettane til norske kvinner og barn under 2.verdenskrig, fordi kvinnene hadde ein relasjon til okkupasjonsmakta, tyske menn. Dette var viktig for at Norge skal oppføre seg som ein rettsstat. Norge bør også i fortsettelsen opptre som ein rettstat, særleg overfor uskuldige born. Dette er også på sikt den beste sikkerheitspolitikken, fordi ein på denne måten får kome i gang med rehabilitering mm.

Ein rettstat er ikkje vilkårleg, men følgjer lovene sine. Born har eit særleg vern i norsk lovgjeving, bl.a ved at FNs barnekonvensjon er inkorporert i vår lovgveing. Derfor må born sine rettar, sjølv om foreldra er knytt til IS, respekterast. Norge har uttrykt at ein vil utvise passivitet knytt til å få «ISborna» heim, dette tykkjer Hordaland Venstre er feil, då ein ved ein slik praksis aktivt undergrev borna sine juridiske rettar. Born sine rettar har eit særleg vern, også om foreldra har gjort dårlege valg. Vi ser at Frankrike har tenkt slik, medan Danmark og Storbritannina velger å nøre opp under konflikter i befolkninga, noko som på sikt kan utgjere ein tryggingsrisiko.

Norske styresmakter bør:

  • Ta kontakt med desse borna og foreldra deira, slik at dei kan få reise heim med sin norske forelder. Dersom det er behov for reisedokument og anna, må norske styresmakter bistå så godt det let seg gjere. Det er også naturleg å samarbeide med FN og politi, samt humanitære organisasjonar, slik at ein kan få til ei utveksling.
  • Det må lagast ein plan for kva mottak desse borna skal få når dei kjem til Norge. Hjelpeapparatet må førebuast og det må avklarast om foreldra har utført straffbare handlingat som skal forfølgast. Det kan også tenkast at foreldra til desse borna må gjennomgå særlege program, for å kunne fungere i det norske samfunnet.
  • Det må seiast klart at Norge er ein stat og eit samfunn som tek born sine rettar på alvor. Barn skal sikrast og vernast, uansett kva valg foreldra har gjort.

Fråsegn vedtatt av fylkesstyret 30. mars 2019