Guri Melby(V) besøkte Høgskulen i Volda

Volda Venstre

Stortingsrepresentant Guri Melby vitja tysdag føremiddag Høgskulen i Volda – saman med ordførarkandidat Hallvard Bjørneset og 2. kandidat Brynhild Lund Notøy. Melby er medlem av utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget. Saman med leiinga vart aktuelle saker for Høgskulen drøfta. Mellom anna vart det nye Mediabygget som snart skal realiserast, sett på dagsordenen. Også dei nye studentbustadene som no blir bygde – og finansieringa av desse blei diskutert. Det vart også tid til ei kjapp synfaring på dei nye studentblokkene på Heltne.

(f.v Hallvard Bjørneset, stortingsrepresentant Guri Melby, rektor Johann Roppen på Høgskulen i Volda og Brynhild Lund Notøy. Foto: Volda Venstre)