-
Stimulere til god folkehelse
Idrettsrørsla og førebyggande helsearbeid skal støttast. Frisklivssentralane både i Hornindal og Volda må oppretthaldast. Eit nytt legesenter må vere sentrumsnært. Volda treng også ei ordning med brukarombod.
-
Skule- og kultursatsing - nøkkel til trivsel
Utdanning er nøkkelen til ei god framtid, og Volda skal vere ein av dei fremste skule- og kulturkommunane i landet. Lesing i skulen og meir bruk av fysiske lærebøker må fremjast. Likeså må song- og musikktiilbodet for barn og unge styrkast.
-
Vinnar på klima og miljø
Miljø- og berekraftmål skal vere med i alle utviklingstiltak. Kulturlandskap, jordvern og biologisk mangfald må ivaretakast. Vi ynskjer oss gode møteplassar og at estetiske verdiar vert hegna om ved utvikling av sentrumsområda.
-
Trygge vegar for alle
Buss- og ferjetilbodet må betrast, og mjuke trafikkantar ivaretakast. Volda-tunellen treng å bli realisert, og ny fylkesveg 60 Hornindal-Hellesylt må byggast. Vi støttar også arbeidet for betre kryssing av fjordane våre.
-
Volda - ein velvillig vertskommune
Volda skal vere imøtekomande både overfor private verksemder og offentlege institusjonar som Høgskulen, Volda sjukehus, Volda vid. skule, Tingretten m.m. Kommunen må vere ein aktiv tilretteleggar for grunderar og ny næringsutvikling.
-
Verdig omsorg når du treng det
Eldre som ynskjer det skal kunne bu heime så lenge som råd. Det skal vere trygt og godt å bu på institusjon, og Venstre ynskjer å oppretthalde noverande avdelingar ved omsorgssenteret. Vi treng også ein handlingsplan retta mot fattigdom i barnefamiliar.