Seljord Venstre ynskjer Vest-Telemark seniorlæring velkommen!

Venstre ser på retten til å organisere seg og delta aktivt i frivillige lag og organisasjonar som noko av det viktigaste med demokratiet.

Vi har eit mangfald av lag og foreiningar, men likevel var det plass til fleire. Ikkje minst er Vest-Telemark seniorlæring motteke med entusiasme av dei godt vaksne som har avslutta yrkeslivet, men som framleis er interesserte i å lære meir. Laget vil jamleg vil by på opplysande og underhaldande foredrag innanfor samfunnsliv, politikk, kunst og kultur. Stiftingsmøtet vart halde 30. april på Seljord frivilligsentral.