100 grunnar til å stemme Venstre i Stryn

I dag – 2.juni er det 99 dagar att til valet 9.september.
Kvar dag framover vil vi leggje ut ein god grunn til å stemme på Venstre ved kommunevalet i Stryn og/eller ved fylkestingsvalet. Vi håpar du set pris på denne måten å presentere politikken vår på !

Nr. 1: Stryn Venstre er opptatt dei som treng ei ekstra stemme.

Vi har jobba mykje med å styrke forsking og satsing på å hjelpe ME ramma gjennom å påvirke politikarar nasjonalt. Dette har mellom anna ført til at Venstre, som einaste parti, sende ein stortingspolitikar til ME-konferansen i Loen i vår. Carl-Erik Grimstad som sit i helse og omsorgskommiteen lovar å fylgje saka vidare. Vår 1.kandidat til Fylkestingsvalet i nye Vestland, Gunnhild Berge Stang deltok og på konferansen. Ordførarkandidat Torstein Tvinnereim har som mål å få ei større satsing for ME ramma, og vil jobbe for ein statleg finansiert konferanse i Stryn årleg, eller kvart andre år framover.

Nr. 2: Distriktspolitikk

Venstre sin distriktspolitikk er viktig for Stryn Venstre. Difor tok vi tak i korleis vi meiner Venstre sentralt skal tenkje distrikt. Dette ved å lage 10 grunnreglar for korleis partiet skal tenkje i distriktspolitikken. Desse vart vedtatt av Landstyret og fungerer i dag som retningslinjer for politikken til partiet. Diskusjonane kring retningslinjene førte vidare til at partiet sette ned eit distriksutval leia av Atle Hamar, som jobba fram ein plan for god Venstrepolitikk i distrikta. Så det som starta som eit forslag frå ordførarkandidaten vår, enda opp som Venstre sin distriktspolitikk. Det viser at det er kort veg frå grasrota til toppen i partiet.

Nr. 3: RV 15 Strynefjellet.

Ja, her skal vi vere ærlege. Det er mange andre parti lokalt enn Venstre som står på for å få gjennomført dette. Slik må det også vere. Eit så stort prosjekt som ny tunnell over Strynefjellet er ikkje eit singelløp frå eit parti. Her må alle jobbe saman for å kome i mål. Det var likevel viktig å få inn noko om RV 15 i førre rullering av NTP. Fleire jobba godt saman for å få til dette. Sveinung Rotevatn og Torstein Tvinnereim gjorde ein god og viktig jobb i denne prosessen. Vi lovar å jobbe vidare for å få realisert prosjektet.

Nr. 4: Samling av Innvik skule og barnehage.

Stryn Venstre har vore tydlege på dette i heile perioden. Den mest framtidsretta løysinga i Vikane er å samle skule og barnehage ved Innvik skule. Dette er vårt standpunkt og noko vi vil jobbe for også i neste periode. Grunnen er, fyrst og fremst, at det ikkje er noko ungar i Vikane til å ha barnehage begge stadar. Hadde det vore det, ville det vore vårt primærstandpunkt. Slik det no er, vil det vere fornuftig at skule og barnehage er på same stad. I Innvik.

Nr. 5: Landslinja skiskyting

Her må vi nok ein gong dele æra med andre. Knut Arild Hareide og KRF var tidleg ute og støtta linja. Sven Flo gjorde ein stor jobb ovanfor eige parti saman med Bjørn Lødemel. Landslinja er viktig for at våre ungdomar skal få satse, men det er også viktig for å sikre Stryn vidaregåande skule totalt sett. Vår ordførarkandidat har hatt mange roller i etableringa av linja. Alt får oppbygging av linja, bidrag i søknadsprosessen, til møte med politikarar frå både KRF og statsråden frå Høgre. Sveinung Rotevatn var også sentral i siste runde før linja kom på plass. Så sjølv om vi gjerne deler æra med fleire, er det ikkje tvil i at Venstre og særleg vår ordførarkandidat har vore viktige for å få linja på plass.

Nr.6: Veteransaka.

Våre veteranar har gjort ein stor og viktig innsats for landet vårt og gjennom fredsbevarande styrkar utanlands. Våre veteranar er både ein stor ressurs, men kunnskapar andre ikkje har og dei er viktig å ta vare på. Diverre viser statistikken at veteranar er overrepresentert i statistikkar som ikkje nødvendigvis er så positive. Sjølv om desse er i mindretal, er det viktig at dei får den hjelp dei treng. Stryn Venstre ynskjer å setje fokus på våre veteranar, slik at dei får den merksemd og hjelp dei fortener.

Nr. 7:

Dagens gode grunn til å stemme Venstre har vi henta frå prinsipprogrammet punkt 5 til Venstre sentralt: Alle er likeverdige, men ingen er like.

Liberalismen er raus. For Venstre er det en verdi i seg selv at mennesker er ulike og tar ulike valg. Respekten for ulikhet inkluderer fordi den innebærer nysgjerrighet i møte med det ukjente, og toleranse for at det gode liv ikke er likt for alle. Toleranse betyr respekt, ikke likegyldighet eller feighet.

Nr. 8: Biologisk mangfald.

Biologisk mangfald er heilt avgjerande for framtida til jorda b åde lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Venstre har stort fokus på dette.
Vår andrekandidat Astrid Hoffart hadde dette innlegget på trykk i fjordingen 21.mai:

Ta vare på naturen.
I følge det internasjonale naturpanelet( IPBES ) sin rapport som ble lagt fram i slutten av april som omhandler ein tilstandsrapport om jordas natur og biomangfald så er vi i ferd med å bygge ned areal der artene lever.

Vi må derfor tenke oss om før vi bygger ned areal det gjeld både næring, veg eller boligbygging. Det er spesielt viktig å ta vare på areal der polinerande insekter held til. Forsvinner de polinerande insekter er ¾ av maten vår truet. Det viktigste tiltaket er å sørge for at kulturlandskap blir holdt i hevd gjennom bærekraftig bruk som t.d. beiting.

I tettbygde strøk ( les små sentrum ) må ein ha grøne område med blomster innimellom så insekter kan stoppe og fylle opp energilagrene for å kunne flyge vidare slik at dei kan gjere jobben sin. Insektene må også ha boliger, derfor kan alle med hage godt ha ein «ruskedunge» Dersom ein vil gjere enda meir for insektene kan ein ha eit lite område i hagen der ein har villblomster (la vere å slå plenen i ein liten del av hagen Rødkløver er spesielt viktig for Humlene)
Vi kan alle gjøre ein innsats for framtida til etterkommarene våre.

All menneskelig aktivitet som
-endring i areal og sjøbruk
-menneskelig rovdrift på dyr og planter
-forurensing
-spredning av fremmede arter
Er ein trugsel mot jordas eksitens. Alt heng saman.Det viktigste vi kan gjere for å ta vare på jorda for kommande generasjoner er å VERNE NATUR.

TAP AV NATURMANGFALD ER EIN LIKE STOR TRUGSEL SOM KLIMAENDRINGANE

Ein av Venstre sin hovudsaker er derfor vern av natur.

Nr. 9: Stryn Kultuskule.

Venstre er opptatt av at flest mogleg skal få opplæring gjennom kulturskulen. Venstre jobba difor for at flest mogleg skulle få oppleve kulturskulen gjennom eit desentralisert tilbod. Skryt til Kulturskulen med Linda Gytri i spissen for ein fantastisk kulturskule og takk til Randi Bjørset (AP) som jobba fram saka saman med oss.

Nr.10:

Fokus på at eldre skal kunne bu heime så lenge som mogleg. Stryn Venstre arbeider for at eldre skal kunne bu heime så lenge dei kan og har lyst. Skal vi lukkast med dette, må vi vere gode på velferdsteknologi og oppfylging i heimen.

Nr.11:

HELT MED ynskjer at personer med utviklingshemming skal vere deltakende og synlege i samfunnet. Deltaking i arbeidslivet er ein heilt sentral arena for å få dette til.

Stryn Venstre ynskjer å legge til rette for at vi kan få HELT MED også i Stryn kommune.

Nr.12:

I skjeringspunktet mellom landbruk, forvaltning og reiseliv ligg eit stort næringspotensiale. Stryn Venstre vil styrke satsinga og samhandlinga innan desse fagfelta.

Nr.13:

I dag vil vi setje fokus på dei med ei anna seksuell legning. På www.venstre.no kan ein lese fylgjande:
Respekt for alle legninger er en selvfølge i et liberalt samfunn. Det er i tråd med grunnleggende liberale verdier at lesbiske, homofile, bifile og transpersoner skal kunne leve åpent med sitt kjønnsuttrykk eller sin seksuelle orientering.

Stryn Venstre støtter fullt opp om dette! Vi er på lag med lesbiske, homofile, bifile og transpersoner!

Nr.14: Singerheimen.

Stryn Venstre er opptatt av framtida til Singerheimen. Difor har vi hatt med oss både generalsekretær Marit Helene Mayer, fyrstekandidat i Vestland Venstre, Gunhild Berge Stang og stortingspolitikar Carl-Erik Grimstad på Singerheimen for å vise den unike kulturarven som ligg der. Stryn Venste vil fylgje prosessen vidare tett og vil gjere vårt beste for å vere med å finne ei god løysing for arven etter William og Anna Singer.

Nr.15: Tryggleik i ambulansetenesta.

Vår dyktige politikar i Helse og Sosial utvalet og 2.kandidat, Astrid Irene Hoffart forfatta dette brevet til Helse Førde på vegne av utvalet:

INNSPARINGSTILTAK I AMBULANSETENESTA SOM RÅKAR STRYN KOMMUNE
Helse Førde har i sitt budsjettvedtak i desember 17 vedtatt at det skal sparast i ambulansetenesta , 1,8 millionar og det går utover beredskapen i Nordfjord. Dagbilen skal taes ut av teneste i 30 veker. 8 av desse vekene er bilen vekke frå Stryn. Dette er mellom anna vinter- og haustferievekene. Da er det stor utfart og meir folk enn vanleg her i kommunen. Stor fare for at fleire hendingar kan oppstå som krev rask respons.

Kva betyr det at Stryn ikkje har dagbil her. Det vil seie at det kun er ein bil på vakt heile døgnet. Dersom den må ut på oppdrag til Førde,Volda eller Bergen så er det langt i frå Måløy til Hjelledalen om noko skulle skje som hastar.

Dette handler om tryggleik for innbyggjarane våre. Ei gruppe som er er veldig viktig for oss i Stryn og i alle andre små kommunar er dei fødane kvinnene. Dersom du ikkje kan føle deg trygg på at ambulansa kjem når du treng han så veljer du som ung kvinne kanskje ikkje å busetje deg her. Om ei kommune skal ha vekst og framgang så er kvinner i fruktbar alder ei forutsetning. UTAN BARN STOPPER SAMFUNNET.

Da akuttberedskap og fødeavd. vart nedlagt ved Nordfjord sjukehus blei det sagt at som erstatning skulle det utviklast gode ambulansetenester. Når Helse Førde nå bestemmer kutt i også desse tenestene er det nok for folket i Nordfjord.

Stryn kommune sitt helse og sosialutval kan ikkje sitte stille og sjå på at innbyggjarane våre blir fratatt først det eine og så det andre av sine helsetilbod. Kva blir det neste? Vi vil derfor anmode styret i Helse Førde om å reversere dette tiltaket snarast.

Nr.16: Stryn Venstre er klare på at FV 60 Olden – Innvik ikkje er eit fullført prosjekt.

Parsellen Hildastranda står igjen med særs smal og dårlig vegbane, samt at der ikkje gangveg. FV 60 gjennom Stryn kommune har mange trafikkfarlige punkt. Stranda mellom Innvik og Utvik, Stavanestunnelen, Tyvanestunnelen, parkeringsplassane til badestrendene og strekninga Strand berre for å nevne nokon punkt. Ein så viktig lokalveg og turistveg må få tilført vegmidlar til tiltak og det hastar.

Nr.17:

Stryn Venstre vil tilretteleggje felles infrastruktur i område med stor pågang av turistar.
Det er viktig at det er gode toalettilhøve og ordningar for søppelhandtering, slik at turistane får ei positiv oppleving og at ein unngår tilgrising og forsøpling. Dette har Stryn Venstre vore tydlege på i inneverande periode og vil også arbeide for gode ordningar vidare framover.

Nr.18:

Stryn Venstre ynskjer å legge til rette for at eldre skal få bu på heimstaden sin så lenge som mogleg. Difor har vi fylgjande med i programmet, har jobba for å få det til alt og vil halde fram i neste periode for å jobbe med desse tiltaka:
-Støtte tiltak som gjer at eldre kan bu i eigen heim så lenge som mogleg.
-Leggje tilrette for desentraliserte eldrebustader.

Nr.19:

20.juni kom handlingsplan for GRØN SKIPSFART. – Næringslivet og det offentlege i Vestland er i internasjonal særklasse når det gjeld satsing på skipsfart med null- og lågutslepp. “No kan vi trappe opp innsatsen!” seier Gunhild Berge Stang, fylkesordførarkandidat for Vestland Venstre.

Nr.20:

Stryn Venstre er eit kulturparti og er opptatt av at vi skal ha eit godt kultuttilbod i heile kommunen. Difor vil vi at at desentralisert kulturskule skal halde fram, og utvikle seg for å gi eit breiast mogleg tilbod.

Nr.21:

Stryn Venstre er opptatt av dei som treng ekstra merksemd frå politikarar og kommune. Difor vil vi også støtte opp om organisasjonar som gjer eit særs viktig arbeid på desse felta.

I vårt program står difor:
-Støtte opp om organisasjonar som Frivilligsentralen, LEVE, Voksne for barn og Mental Helse.

Nr.22:

Venstre har alltid vore eit parti som har satsa på små og mellomstore bedrifter. Desse representerer størsteparten av arbeidsplassane i Norge, og er særs viktige her lokalt. Skal vi ha trygge, gode og framtidsretta arbeidsplassar i kommunen er vi avhengige av at dagens bedrifter og nye bedrifter satsar berekraftig og miljøvenleg. Stryn kommune skal her vere ein viktig medspelar og medskapar.

Stryn Venstre har difor programfesta fylgjande:
-Vi ønskjer at Stryn skal vere eientreprenørkommune som aktivt legg til rette for nyetablering og utvikling av eksisterande arbeidsplassar.

Nr.23:

Stryn Venstre har mange som arbeider med og for ungdom på lista si. Barn og ungdom er framtida vår. Det er difor viktig at vi har tilbod til ungdom med ulike interesser. Difor står det i vårt program:
-At kommunen framleis støttar ungdomstiltaket Telegrafen, gjerne med utviklingav eit e-sport tilbod.

Nr.24:

I fjor arrangerte Stryn Venstre plastinnsamlingsdugnad. Det er viktig for å oss å tenkje miljø, både lokalt og i eit større bilde. I vårt program står mellom anna:
Jobbe for ein rein natur – utan plast eller søppel. Jobbe for å redusere mengda miljøgifter og utslepp frå kommunal verksemd til luft, jord og vatn.

Nr.25:

Stryn har flott natur. Mykje av den naturen er verna. Det meinar vi i Stryn Venstre er bra slik at komande generasjonar kan oppleve urørt natur. Brukarundersøkingar utført av forvaltinga synar at Jostedalsbreen nasjonalpark har høg attraksjonskraft og er ein av dei nasjonalparkane i Norge med meste tal besøkande og flest ulike nasjonalitetar. For noko år sidan kom lokal forvaltning av store verneområder. Dvs. at forvaltningsmynda gjekk frå Fylkesmann over til kommune. Då kom forvaltinga av store verneområder ned på eit lokalt plan og tettar på dei som har ein nasjonalpark som nabo. Dette har vore ein styrkje for forvaltinga.

Stryn kommune har også hatt tilbodet å forvalte dei mindre verneområda. Dette har kommunen takka nei til. Dette ynskjer Stryn Venstre å endre på slik at også forvaltinga av mindre verneområder ligg på eit kommunalt nivå. Stryn som landbruks-, reiselivs- og nasjonalparkkommune må styrkje forvaltinga av dei naturgitte ressursane ein har i kommune. Dette er vårt ansvar. Stryn Venstre vil jobbe for at Stryn kommune skal styrkje forvaltinga av utmarksressurser våre til det beste for fastbuande og tilreisande.

Nr. 26:

I dei siste jordbruksoppgjera har Venstre vore viktige for å gje bøndene eit betre oppgjer, og ikkje minst støtte små og mellomstore bruk på vestlandet. Stryn venstre vil arbeide for eit sterkt jordvern og gje våre bønder positive framtidsutsikter.

I vårt program kan du mellom anna lese:
– At landbruk framleis skal vere ein viktig del av næringslivet i Stryn.
– Jobbe for støtteordningar til bønder som har dyr på beite for å oppretthalde kulturlandskapet.
– Aktivt støtte tiltak for sal- og marknadsføring av lokalmat og kortreiste produkt.

Nr. 27:

Det er viktig at folk kan kome seg ut og oppleve naturen. Stryn Venstre ynskjer å legge til rette for dette, men samstundes ta vare på naturen rundt oss. Difor er det viktig med gode planer for korleis framtidas friluftsliv skal vere i vårt nærområde.

I vårt program står difor mellom anna dette: – Jobbe for at det moderne friluftslivet kan utfalde seg i kommunen på berekraftig vis.

Nr.28:

I regjeringserklæringa fekk Venstre gjennomslag for å tilby gratis kjernetid i skulefritidsordninga, og utarbeida ein nasjonal rammeplan for å sikra god kvalitet i alle kommunar.

Vi i Stryn Venstre ynskjer er også opptatt av å gje alle barn moglegheiter. Difor har vi mellom anna ved fleire høve teke opp om barnetrygda skal reknast inn i inntektsgrunnlaget når ein reknar ut kven som har rett på gratis barnehage, SFO og andre støtteordningar.

Nr.29:

Stryn Venstre har ei lang rekkje kandidatar som er særs aktive i det frivillige kulturarbeidet. Vi ser at kulturlivet er særs viktig for Stryn kommune, både for næringsdrivande, bulyst og for å ta vare på gode tradisjonar.

Stryn Venstre er eit parti som tek kultur på alvor, og har difor med i programmet:
Løfte frivilleg sektor som ein viktig del av utviklinga av Stryn gjennom ei bevisst satsing på kulturfeltet.

Nr. 30:
Stryn Venstre er opptatt av psykisk helse. Difor vil vi setje fokus på dette, slik at det vert like naturleg å snakke om psykisk helse og få hjelp for det, som det er når ein har fysiske plager.

I vårt program har vi oppsummert det med: Auke fokus på psykisk helse.

Nr. 31:

Styreleiar Astrid har skrive kva ho tenkjer eit sosialliberalt parti som Venstre står for: Dagens gode grunn til å stemme Venstre er at Venstre er eit liberalt parti.

“Hva betyr det at Venstre er eit liberalt parti?
Frihetstanken er grunnleggjande i liberalismen. Venstre set menneske i sentrum. Vi vel dei løysingane som er best eigna til å fremje menneskeleg vekst og utvikling.
Friheten skal gjelde alle. Derfor er likhet og likeverd grunnleggjande i liberal politikk.

Likhet i denne sammenheng betyr definitivt ikke at alle mennesker skal være like. Men det betyr like muligheter til å utfolde seg og nyte godt av friheten. Ein viktig del av liberal tankegang er næringsfrihet, slik at den enkelte kan bruke friheten til å skape noko for seg sjølv og andre.
Det liberale likhetskravet gjelder også økonomisk likhet. Den eneste begrunnelsen som kan gis for forskjellsbehandling er hensynet til det felles beste.

Det liberale vil også alltid jobbe for å hindre maktkonsentrasjon anten det er statlig eller privat. Maktkonsentrasjon er eit hinder for dei ressurssvake til å ha oversikt og få innflytelse og er derfor ei undergraving av demokratiet.
Liberal politikk er å arbeide for mangfald i samfunnslivet, og at tilhøva mellom menneske bygger på toleranse og respekt.”

Nr. 32: At folk skal ha trygge vegar til hus og heim har alltid vore viktig for Venstre.

På fylkesnivå var Venstre viktige i arbeidet med RV60. No kjem det nye tunnelar til Flo og Nordsida. Viktige sikringstiltak. No blir det viktig å få tryggare veg også til Oldedalen og Lodalen. I vårt program står det difor: Arbeide for å trygge vegen til Oldedalen og Lodalen.

Nr. 33: Tryggleik er viktig for ungane våre.

Difor har også Stryn Venstre ved fleire høve teke opp trafikksikkerheita rundt våre skular og barnehagar. Det er viktig å gjere det så trygt som mogleg når ungane våre skal kome til og frå skule og barnehagar. Då er det ikkje bra at det er uoversiktlege parkeringsplassar og vansklege trafikkavviklingstilhøve rundt der våre mest verdifulle, barna, ferdast.

Stryn Venstre har difor i sitt program fylgjande formulering: Sikre gode trafikale tilhøve ved skulane og barnehagane i kommunen.

Nr. 34:

Stryn Venstre ynskjer at valkampen skal haldast i ein god tone, der det viktigaste er at dei ulike partia får presentert sin politikk. Det er også viktig at politikarar støtter kvarandre uavhenig av parti, slik at netthets og personangrep ikkje skal få styre den politiske debatten.

Stryn Venstre tok difor initiativ til eit opprop der alle politiske parti representert med deira toppkandidatar og leiarar vart oppfordra til å skrive under. Dette har dei aller fleste gjort, og dei som ikkje har gjort det, har sagt at dei ynskjer det. På den måten håpar vi at vi bidreg til ein positiv valkamp der veljarane kan gjere opp meining om kven dei skal stemme på utfrå kva politikk og kva representantar dei meiner kan gjere ein best mogleg jobb for Stryn sine innbyggarar.

Nr. 35:

Stryn Venstre ynskjer å behalde den desentraliserte skulestrukturen i kommunen. Klipp frå Fjordingen 23.november 2018 då det vart kjent at administrasjonen i kommunen gjekk inn for å legge ned Rand skule: “Skulen må bevarast. Vi har med folk å gjere og vi har ikkje gitt noko signal på dette frå før. Det skaper veldig støy og det er ein uheldig måte å gjere det på”, sa Torstein Tvinnereim (V).

Nr. 36:

Arena Stryn vil vere eit prosjekt som løfter Stryn både på det frivillige området og som viktig arena og samlingstad for barn og unge. Stryn Venstre ynskjer difor å vere positiv bidragsytar til å få dette prosjektet i hamn. I programmet vårt står difor: Fullføre Arena Stryn.

Nr. 37:

Stryn kommune gjer det godt på kommunebarometeret. Dette skuldast mellom anna godt politisk samarbeid mellom dei ulike partia i kommunestyret. Stryn Venstre er sjølvsagt stolte av å ha varaordføraren i landets 5. beste kommune i fylgje Kommunal Rapport.

Nr. 38:

Stryn Venstre ynskjer å ta vare på dei gode naturopplevingane vi kan oppleve i fjellheimen. Stryn Venstre tok også initiativ til å samordne scooterløyve som blir gjeve til nyttekøyring i kommunen, slik at dette skulle fordelast fornuftig og rettferdig.

I vårt program står fylgjande: Ha strenge restriksjonar for bruk av motorisert ferdsel i utmark.

Nr. 39:

Stryn Kulturhus er vår storstove. Det er viktig at kulturhuset kan vere med å gje oss gode kulturopplevingar og gje moglegheiter for barn, unge og vaksne til å utøve kunst og kultur i gode fasilitetar. Stryn Venstre har ei rekkje kandidatar på lista som både er utøvande innan kulturfeltet og som er særs opptatt av å gje kulturen gode vilkår, mellom anna for å skape bulyst.

I vårt program står difor: At Stryn kulturhus vert vedlikehalde og utvikla for framleis å vere eit moderne kulturhus.

Nr. 40:

Stryn Venstre vil ha blomstrende og levande sentrum, med god tilrettelegging for gåande og rørslehemma. Vi ynskjer at det skal vere fleire hyggjelege små møteplassar som er pynta med blomster og t.d. artige benker der ein får lyst til å sette seg ned. Vi vil også ha småbutikker framfor store kjøpesenter. Vi heier derfor på slike nyetableringer som Tid/Voma/Lind. No er det berre opp til oss som bur her å bruke småbutikkene. Dersom ein vil ha butikkene her i morgon, så må ein handle der i dag.

Nr.41:

Det er viktig å legge til rette for at folk kan busetje seg i heile kommunen. Såleis er det også viktig å legge til rette for tomter. Stryn Venstre har ved fleire høve tatt opp dette og var sjølvsagt med på vedtaket om å legge til rette rimlegare tomter der det har vore lite omsetnad for tomtene i ulike bygder/byggefelt.

Vi skal ikkje ta i frå Silje Skarstein æra for å fremje saka, men Venstre har vore positive og til slutt dei som fremme forslag om 50 000 kroner i bonus for dei som får barn innan 5 år. Av og til må vi våge å satse for å skape blest og utvikling. Velkomne til Stryn!

Nr. 42:

Det er viktig å legge til rette for ein god infrastruktur slik at turistar får ei positiv oppleving og at kommunen sine innbyggarar ikkje får ei ugunstig belastingning i forhold til dei som kjem på besøk til vår fantastiske kommune.

Rune Holen har vore ein pådrivar i arbeidet for å legge til rette infrastruktur der det er størst behov for ei slik tilrettelegging. Stryn Venstre vil halde fram med å jobbe for dette, samstundes som vi alltid vil vere opptatt av at næringa skal vere så berekraftig som mogleg.

Nr. 43:

Sikre gode omsorgstenester og fritidstilbod for menneske med nedsatt funksjonsevne.
Stryn Venstre er opptatt av at dei som har større utfordringar enn folk flest, også skal ha ei god kommune å bu og vekse opp i. Du vil difor sjå i vårt program at mange av våre programfesta mål for neste periode, handlar om å legge til rette og ta vare på desse gruppene. Stryn Venstre lyttar på og bryr seg om alle.

Nr. 44:

Stryn Venstre er opptatt av at folk skal ha det bra i kommunen vår. Vi ynskjer å lytte og sjå. For oss er alle viktige og alle skal bli tatt vare på. Difor har vi fylgjande innleiing i vårt program under helse og omsorg.

Helse og omsorg:
Folkehelsa er viktig. Vi ynskjer eit sterkt og inkluderande miljø, der alle opplever tilhøyrsle i lokalsamfunnet.

Nr.45:

Ingen bygger landet åleine. Ingen styrer ei kommune åleine.

Samarbeid i politikken er viktig, og i Stryn har det vore eit godt samarbeid for å finne løysingar. Det betyr at når somme no i valkampen fortel om kor uduglege andre har vore, eller kor store sigrar kvart enkelt parti har fått gjennom, er det sjeldan eit parti som har klart det aleine. Venstre sine politikarar har vore opptatt av akkurat dette i Stryn kommunestyre og formannskap. Det viktigaste har ikkje vore å fronte seg og sitt, men i samarbeid med dei andre partia finne dei beste løysingane for innbyggarane. Det skal vi halde fram med også i neste periode.

Nr. 46:

Stryn Venstre er positive til at det no endeleg ser ut til å bli ei realisering av ei ny bygdebok for Stryn. Vi har difor i vårt program at vi støtter ei ferdigstilling av bygdeboka.

Nr. 47:

Samferdsle har alltid vore viktig for Venstre. Det er viktig at kommunen har trøkk på vegprosjekta rundt oss, for å gje gode samferdselløysingar for både gåande, syklande og køyrande. Venstre ynskjer difor at Stryn kommune framleis skal støtte arbeidet “Gode vegar” gjer for å få på plass gode samferdselløysingar for innbyggarane våre.

Stryn Venstre er eit parti som er opptatt av at vi skal ha gode skular og barnehagar.Difor har vi som innleiing i vårt program om skule og barnehage fylgjande: Barnehagar og skular skal ha nok ressursar til å gje borna våre eit trygt og lærerikt oppvekstmiljø.

Nr. 49

Stryn Venstre er opptatt av dei som slit eller kjem utanfor. God rusomsorg difor viktig. Både dei som slit med rus, familar og andre involverte treng at storsamfunnet stiller opp. I vårt program har vi oppsummert dette med: Sikre god rusomsorg i kommunen.

Nr. 50

Stryn Venstre er særs opptatt av inkludering. Under kan du lese eit innlegg skrive av mellom andre fylkesordførarkandidat Gunhild Berge Stang, ordførarkandidat og 10.kandidat til fylkestinget Torstein Tvinnereim og 4.kandidat til fylkestinget Alfred Bjørlo.

Nr. 51

JA til inkluderingsdugnad for heile landet

Nr.52

Venstre er eit miljøparti.
Stryn Venstre er opptatt av å ta vare på miljøet. Reinsdyrstammen på Strynefjellet er viktig å ta vare på. I vårt program står difor: Verne om tilhøva for villreinstammen på Strynefjellet.

Nr. 53

Stryn Venstre har mange gode saker i programmet sitt. Stryn Venstre har også politikarar som gjer sitt beste for innbyggarane i Stryn. Gode saker er likevel ikkje alltid nok. Personane og engasjementet er ofte like viktige.

Stryn Venstre er særs stolt av lista si til dette kommunevalet. Engasjerte folk som viser att langt utanfor politikken. Lista er også fyllt med folk som gjerne vil gjerne vil gjere ein innsats i utval, kommunestyre, formannskap og leiande politiske verv neste periode. Ta gjerne ein kik på lista.

Er ikkje dette folk du gjerne vil ha inn i kommunestyret? I så fall må du bruke Venstre si liste ved valet.
1. Torstein Tvinnereim, Stryn
2. Astrid Hoffart, Stryn
3. Rune Holen, Olden
4. Karin Gregersen Vik, Loen
5. Andreas Søndenå, Innvik
6. Bernhard Hole, Stryn
7. Janne Elin Alsaker, Lindset
8. Odd Rune Flo, Stryn
9. Joanna Wach, Stryn
10. Endre Bø, Stryn
11. Astrid Hilde, Utvik
12. Odd Jarle Kvamme, Olden
13. Geir Arild Olden, Oldedalen
14. Antonia Karete Haugen Kongsvik, Markane
15. Heidi Liadal, Stryn
16. Magne Wathne, Stryn
17. Jarle Lødemel, Stryn
18. Kristine Risøy, Olden
19. Jon Terje Tjellaug, Stryn
20. Monika Moen, Loen
21. David Sigurdsson, Stryn
22. Janne Trude Roset, Blakset
23. Kai Fredrik Langebeck, Blakset
24. Rasmus Guddal, Oppstryn

Nr. 54

Skal det vere toalett på dagsturhytta?
Dagsturhytta i Stryn ligg fint til i skogen på Kloppemyra. Nokon tykkjer den burde vore lagt ein stad der det var betre utsikt, men det er viktig at skuleelvar og barnehageungar kan nå den, som netttop ein dagstur. Skog er også spanande både til leik og i undervisningssamanheng.

Stryn Venstre var aldri i tvil om at Stryn måtte få ei dagsturhytte, og var også, saman med KRF, tydlege på at det måtte tilretteleggast med toalett i samband med hytta. Det meiner vi framleis var ein god ide.

For som det står i vårt valprogram vil Stryn Venstre:
At innbyggjarane skal ha tilgang til “grøne lunger” og friluftsområde i nærleiken av der ein bur.

Nr. 55

Skule er viktig for Stryn Venstre. I tillegg til å jobbe for god lærardekning, kvalifiserte lærarar og gode skular som tek godt vare på elevane, stiller vi med mange lærarar på lista. Folk med skoa på. Er du opptatt av at borna dine skal ha ein god skule, er Stryn Venstre eit særs godt alternativ.

Nr. 56

Dei skeive sine rettigheiter
Venstre har likestillingsministeren. Ei viktig oppgåve, som Trine tek på alvor, er at dei med ei anna legning skal behandlast med respekt og på likefot med alle andre. Dette er viktig for oss i Stryn Venstre også.

På landsplan har Venstre sett mål av seg å bli det beste partiet når det gjeld dei skeive sine rettigheiter. Vi i Stryn Venstre lovar at vi skal fylgje opp dette her lokalt.

Nr. 57

Onsdag 1.august kan du møte Gunnhild Berge Stang her i Innvik, Olden og Loen. Vestland Venstre stiller med toppkandidat frå Sogn og Fjordane, som eit av svært få parti. Gunhild kjem til å gjere ein super jobb for heile det nye fylket, men vi i Stryn Venstre er heilt sikre på at Gunhild kjem til å vere ekstra viktig for oss i det nye fylkestinget!

Nr. 58

Stem Endre Bø inn i kommunestyret!
Stryn Venstre har ei liste med mange svært engasjerte og dyktige folk. Han her er eit godt eksempel på det. Endre Bø er lærar på Tonning skule. Han er ein av hovudarkitektane bak oktoberfestivalen. Har vore aktiv i friidrettsmiljøet, handballmiljøet, teatermiljøet og er halvparten av Cafê Olai. No er Endre klar for å gjere ein innsats i lokalpolitikken. Vil du sikre at Endre og våre andre engasjerte og dyktige folk på lista kjem inn i kommunestyret; Stem på Venstre i lokalvalet!

Nr. 59

Joanna Wach:

Stryn Venstre er stolte av å få denne dama på laget. Joanna er ei aktiv dame. Ho er trenar for eit jentelag til Stryn fotball og er også aktiv i inkluderingsutvalet til Stryn fotball. Joanna er også ei viktig stemme frå det store arbeidsinnvandrarmiljøet i bygda. Vi i Stryn Venstre håpar du stemmer på Venstre og hjelper oss til å få mange av våre dyktige og engasjerte folk inn i kommunestyret.

Nr. 60

Generalsekretær Marit Meyer: “Stryn Venstre er ein fantastisk gjeng engasjerte folk”.

Det er noen små uker igjen til valget 9. september, og på Venstres Hus i Oslo merker vi energien og stå på viljen for lokalsamfunn rundt om i landet. Ett flott eksempel på et lokallag som virkelig viser en glød for kommunen og bygda si, er Stryn Venstre.

Stryn Venstre er en fantastisk gjeng engasjerte folk. Noe av det virkelig fine med en bredt sammensatt kommunestyreliste, er at du får et mangfold av både folk og interesseområder. Helse, kultur, stedsutvikling, arbeidsplasser, natur og miljø, landbruk, skole – alt dette og mere til er saker som hører med i en lokalvalgkamp. Stryn Venstre har ei liste med ulike kandidater som favner hele spekteret.

Så har jo Stryn Venstre også en fantastisk flott ordførerkandidat. Vi som følger med Stryn litt utenfra, ser hvilket dypt engasjement og hvilken kjærlighet (ja, så sterke ord må vi få bruke når det er riktig) Torstein har for kommunen sin. I Torstein har Stryn en sterk kandidat til ordførervervet for de neste 4 åra.

Marit Meyer – generalsekretær Venstre

Nr. 61

Heidi Liadal – eit spanande val!

Stryn Venstre har ei rekkje nye, spanande og drivandes dyktige folk på lista si. Heidi Liadal høyrer absolutt til desse. Ho er styrar i Vikalida barnehage. Er særs aktiv innan friluftsliv og har vore aksjonsleiar for TV-aksjonen i Stryn sentrum dei siste 3-4 åra. Vil du ha inn i kommunestyret ei dame som kan barnehage, er engasjert og snakkar i klar tale: Bruk Venstre si liste ved kommunevalet og set eit ekstra kryss framom Heidi sitt namn.

Nr. 62

Joanna har ordet:

Jesli mieszkasz w Norwegii conajmniej od 3lat,zachęcam Cię abyś skorzystał ze swojego prawa do głosu.Przyjdź i zagłosuj według własnego przekonania.
Ja jednak z mojej strony zapewniam Cię, że VENSTRE to dobry wybór.Dlaczego?
VENSTRE stawia czlowieka na pierwszym miejscu bez względu na narodowość.Kładzie duży nacisk na udaną integrację i wspólny rozwój.Jest miejscem dla nas wszystkich -obywateli norweskich i mniejszości etnicznych.Miejscem dla Ciebie!
Wieloletnie doświadczenie i wiara w potencjał gminy ,ale także świadomość zmieniających się oczekiwań jest punktem wyjścia opracowanego planu rozwoju gminy w zakresie:szkolnictwa i edukacji ,zdrowia i bezpieczeństwa,kultury,,turystyki ,rynku pracy,środowiska.
Przedstawię Ci tylko niektóre z nich,te które z punktu widzenia obcokrajowca są mi bardzo bliskie i mają wpływ także na moją przyszłość jako rodzica,pracownika i obywatela.
-tworzenie nowych miejsc pracy
-wzmocnienie szkolnictwa i edukacji poprzez zwiększenie liczby nauczycieli w klasach .Dobrzy nauczyciele to gwarancja wysokiej jakości edukacji.
-ulepszyć komunikację i bezpieczeństwo na drogach
-ulepszyć usługi zdrowotne
-wspierać rozwój turystyki ,dbać o środowisko,.W tym Venstre dostrzega także nowe miejsca. pracy.
A zatem !Dokonaj właściwego wyboru!

Nr. 63

Karin Vallebær Gregersen Vik -engasjert danske frå Rake!

Om du vil stemme inn i kommunestyret eit verkeleg engasjert menneske, skal du bruke Venstre si liste og gje ho her eit ekstra kryss. Karin er uttruleg engasjert. Ho melde seg inn i Venstre for to år sidan. Sidan det har ho sete ringside på ei rekkje kommunestyre -og formannskapsmøte. Kvifor? Fordi ho er oppriktig innteressert og ynskjer å lære seg det politiske arbeidet frå grunnen av. I tillegg til å vere engasjert i politikken har Karin eit brennande engasjement for dei som treng at nokon snakkar deira sak. Karin er leiar av Mental Helse Stryn, har deltatt på ei rekkje teateroppsetjingar og er generelt eit positivt pust (vindkast) uansett kvar ho kjem og kva ho engasjerer seg i.

Karin har budd i Norge i over 20 år og er stryning god som nokon, likevel: Vi treng dansk dynamitt i kommunestyret. Er du einig, så lik og del

Nr. 64

Geir Arild Olden: Vår mann frå Oldedalen
Dagen etter at Gullroten nok ein gong har levert imponerande i Oldedalen, presenterer vi vår mann frå Oldedalen. Stryn Venstre har dobla medlemstalet siste halvåret. Vi har også ei rekkje nye namn på lista.. Faktisk er det heile 16 nye på Stryn Venstre si liste til dette valet!
Ein av dei nye er Geir Arild Olden. Geir Arild er opptatt av famile -og forsvarspolitikk og ein viktig samtalepartner for oss når vi har fronta veteransaka i Stryn kommunestyre.
Vi er gla for at Geir Arild vil støtte oss og håpar mange ynskjer å stemme på småbarnsfaren frå Oldedalen.

Nr. 65

DU bestemmer!

Stryn Venstre har IKKJE førehandskommulert lista si. Dette fordi du som veljar skal få bestemme kven du meiner bør representere Venstre i kommunestyret. Førehandskommulerte har ein klar fordel, og vil som oftast bli valt inn. Stryn Venstre har flinke folk på heile lista. (Sjølv om dei som står på dei nederste 6-7 plassane har bedt om å bli plassert der, fordi dei ikkje har lyst å stå høgare, er det du som bestemmer.)

Nr. 66

– Frå veljar til minister.

Venstre er eit parti med korte avstandar. I dag har Stryn Venstre hatt besøk av 1.kandidat for Vestland Venstre, Gunhild Berge Stang og Iselin Nybø, minister for forskning og høgare utdanning. I Venstre skal avstanden vere kort. Ynskjer du som veljar kontakt lokalt, lovar vi å lytte. Når vi som lokalpolitikarar har noko vi ynskjer å spele inn til politikarar på fylke -eller riksnivå er også avstanden kort. Slik ynskjer vi i Venstre at demokratiet skal fungere.

Nr. 67

Ta grøne val!

Janne Elin Alsaker kom inn i Stryn Venstre som eit friskt pust ved valet i 2015. Ho er ei engasjert dame med særleg auge for miljø og oppvekstvilkår. Janne Elin er ei dame ein kan stole på og vi i Stryn Venstre er veldig gla for at vi har ho både på lista og i lokalstyret!
Vi er sikre på at ho vil gjere ein super innsats om veljarane gjev ho tillit i det nye kommunestyret.

Nr. 68

Super kandidat frå Innvik!

Stryn Venstre er veldig gla for å ha fått med seg Andreas Søndenå på lista. Andreas er ein engasjert kar som har hjarte for skule og oppvekstmiljø. Andreas er vant med å ta ansvar og er no mellom anna leiar i Vikane idrettslag.

Vi håpar mange ser at Stryn Venstre har ei råsterk liste ved dette valet, at mange puttar Stryn Venstre si liste i valurna og gjerne gjev Andreas eit ekstra kryss.

Nr. 69

Rutine og engasjement!

Bernhard Hole er klar for ny runde i lokalpolitikken. Bernhard har alt fleire periodar bak seg i politikken. Alt i 2003 starta han si politiske karriere i Venstre.

Etter to periodar i kommunestyret vart han i 2011-2015 leiar i Skule og kulturuvalet og var med i formannskapet. Sist periode plasserte han seg lenger ned på lista for å ta fire friår. Veljarane ville det ikkje slik. Bernhard har vore fyrste vara for Venstre i kommunestyret og nestleiar i Kontrollutvalet siste periode. Bernhard er ein kunskapsrik og engasjert politkar. I tillegg ser du læraren på brigdeturneringar, som fotballtrenar og ivrig foreldar på skiskyttararenaer og gjerne i diverse teaterroller.

No er Bernhard klar for nye politiske utfordringar, om du brukar Venstre si liste og gjev Bernhard eit kryss, hjelper du ein engasjert, kunskapsrik og dyktig politikar inn i kommunestyret.
Bruk Venstre si liste og gje gjerne Bernhard ei ekstra stemme!

Nr. 70

Oldar med engasjement!

Rune Holen er blitt ein erfaren politikar. Han er no inne i sin andre periode i kommunestyret og satsar no på å klare tre på rappen!
Rune har ein stort engasjement for landbruk, natur og reiseliv. Han ser moglegheitene samhandling mellom desse og ynskjer at Stryn kommune skal vere med og utvikle dette.

Rune har også eit stort hjarte for lokalsamfunnet. Rune er ein politikar som tenkjer heile Stryn, men han gløymer heller ikkje at han er oldar. Mykje av utviklinga ein no ser i Olden grunna politiske vedtak, har Rune vore ein pådrivar for å få til. Han sit også med særs viktig kunskap som naturoppsynsmann. Kunnskap som er særs viktig for ein nasjonalparkkommune som Stryn.
Rune fortener absolutt ein periode til i kommunestyret. Skal han få det, er det viktig at du brukar Venstre si liste og gjerne gjev Rune ei ekstrastemme.

Nr. 71

Slugger frå Nordfjord.

Det er sjølvsagt, også i fylkespolitikken, viktigaste å få inn dyktige folk uavhengig av geografi. Likevel. Noko lokalkunnskap skadar ikkje. Meiningsmålingar viser at Sonja Øvre-Flo er inne for Høgre med god margin. Det er bra. Av andre politikarar frå Nordfjord har Kristin Maurset sjans om AP gjer eit godt val og Anders Hamre Sveen og Stein Robert Osdal frå KRF kan kome inn om om Raudt eller KRF gjer kjempeval.

Likevel: Den politikaren som ser ut til å stå mest på vippen, er Alfred Bjørlo frå Venstre. På sin 4.plass er han på kampplass. Til stortingsvalet mangla Sveinung Rotevatn 150 stemmer på å kome inn. Så små forskjellar kan det bli no og.

Difor vil alle stemmer Vestland Venstre får, kunne vere heilt avgjerande for om Alfred kjem inn eller ikkje.
Alfred lovar å jobbe for at:
– Stryn VGS skal ha eit minst like godt tilbod som i dag.
– Meir pengar til rassikring.
– meir pengar til breiband

Tre viktige saker for Stryn kommune.

Venstre er, saman med KRF, eit av to parti som har 1.kandidat frå dagens Sogn og Fjordane. Nemleg Gunhild Berge Stang frå Fjaler.
På 10. plass på lista til Vestland Venstre står Torstein Tvinnereim. Eit godt val for Venstre, kan føre han inn på ein varaplass i eit utval. Det kan også vere eit viktig talerør.

Nr 72 Heimvendt gründer!

Han har gjort akkurat det vi snakkar om. Vendt heim til Stryn med familien og etablert seg med eiga bedrift. Odd Rune er tobarnsfar og næringsdrivande med Tinde Hytter. I tillegg er han aktiv som trenar i turngruppa og har alt fått verv i idrettslaget.

Han tok sjølv kontakt og fortalde at han var venstremann og ville vere med å bidra i partiet. Det er vi veldig gla for! Om du vil ha med ein ung kar med ambisjonar og tankar for korleis Stryn kommune skal utvikle seg i framtida, bruk Venstre si liste og gje gjerne Odd Rune eit kryss ekstra.
Nr. 73

Stryn venstre Foto: Stryn venstre

…og det var berre 10 av våre flotte kandidatar!

….og berre litt av vår politikk.

Stryn Venstre går til val på eit heilskapleg program, der vi ynskjer å utvikle kommune best mogleg med ein framtidsretta politikk. Om du vil ha mange, dyktige og engasjerte politikarar med ulik bakgrunn inn i kommunestyret, bruk venstrelista og set kryss framfor dei namna du ynskjer skal representere partiet. Ingen er førehandskommulert.

Nr. 74 Ordførarkandidaten lovar

(Foto: Stryn Venstre)

Stryn venstre sitt bilete. Foto: Stryn Venstre

Nr. 75 Aktiv kar frå Jutedalen

Jarle Lødemel er ein særs aktiv kar som du ser att som trenar både på friidrettsbana og på fotballbana. Jarle takka ja til å støtte lista til Stryn Venstre. Det er vi veldig gla for!

Nr. 76 Med hjarte for landbruk, miljø og beredskap!

Magne Wathne er kunnskapsrik og reflektert. Han er utdanna dyrlege, har jobba i Mattilsynet og det siste året har han også jobba i Mali, slik at dei har fått gjort seg nytte av kompentansen hans der.
Magne er absolutt ein mann Stryn kommunestyre kunne hatt god nytte av!

Nr. 77 Vår andrekandidat!

Astrid Hoffart er vår andrekandidat til kommunestyrevalet. Astrid har site i Helse og sosialutvalet siste periode, der ho har utmerka seg med fagleg tyngde. Ho er leiar i Stryn Venstre og sit også i fylkesstyret.

Astrid er fysioterapeut og veldig opptatt av førebyggande helsearbeid for alle. Om du ynskjer å ha ei dame med bein i nasa som har stort engasjement for førebyggjande helsearbeid, miljøvern og dei som treng eit ekstra stemme, er Astrid eit særs godt val. Bruk Venstre si liste og gje gjerne Astrid eit ekstra kryss!

Nr. 78 Kultur, barn og ungdom

Stryn Venstre har stort engasjement for Kultur, barn og unge. Vi ynskjer å legge til rette for bulyst og gode opplevingar for alle i Stryn kommune.

Nr. 79 Engasjert!

Jon-Terje Tjellaug kjenner mange frå fotballbana, som trenar og lærar. Siste åra har han også vore hovudtillitsvald på Stryn vgs. Jon-Terje takka ja til å stå på lista vår. Det set vi stor pris på!

Nr. 80 Venstre støttar Strynefjellstunnelen

Ordførarkandidat Torstein Tvinnereim, parlamentarisk leiar i Venstre, Terje Breivik og Jon Gunnes, medlem i Transportkomiteen, skreiv måndag felles lesarbrev i Fjordingen, der realisering av ny tunnel over Strynefjellet er ei prioritert oppgåve for Venstre.

Nr. 81 Kva er grunnsteinane i Venstre si tenking? Vi let nestleiar og parlamentarisk leiar forklare, med musikk frå eige band.

Nr 82 Vår ordførarkandidat.

Torstein Tvinnereim er ein rutinert politikar med brei erfaring. Torstein kom fyrste gong inn i kommunestyret i 1999 og har to periodar bak seg i skule og kultur, ein i helse og sosial og ein periode no som varaordførar.

Han har jobba som lærar ved Stryn vgs sidan 1994. Frå 2005-2007 jobba han på toppidrettslinja på St.Olav i Sarpsborg. Torstein har vore med og bygd opp skiskyttarlinja ved skulen, både som trenar/lærar og no seinare som administrator, drivkraft og pådrivar for etablering av Landslinja. Han har vore ein viktig del av revy og teatermiljøet i bygda, mellom anna gjennom Gaman og sommarrevysatsinga der. Han er mannen bak Stryn Treskifestival, Årringar og ei rekkje mindre oppsetjingar av ulike barneteaterframsyningar.

Torstein har vore leiar i Hardbagg IL og er no leiar i Stryn fotball på sjette året. Han sit også i styret i idrettslaget. Kleiva opp og Juleturneringa i Strynehallen har Tvinnereim hatt ansvar for i 25 år. Dei seinare åra har han dradd i gong Alje me` turneringa, gjennom Stryn fotball og Stryn Visefestival gjennom Stryn Næringshage.

Torstein jobbar no som koordinator skule-næringsliv og har der hatt ei viktig rolle i etablering av nytt opplæringskontor, reetablering av TIP og fleire andre satsingar skule-næringsliv.

Han er god på og setje i gong og få med seg folk. Torstein er ein samlande person som er flink til å gje ros og ansvar til dei rundt seg. På den måten er han ein god lagbyggar. Stryn treng ein ordførar som skaper entusiasme rundt seg, tek vare på folket han samarbeider med og er god til å sparke i gong nye prosjekt. Difor meiner vi Torstein ein god ordførarkandidat for Stryn!

Nr. 83 Historiske damer?

Stryn Venstre har ei spanande liste med mange engasjerte både damer og menn. Mellom dei ti øverste på lista har vi to engasjerte damer med utanlandsk pass. Desse kan bli historiske.

Karin Gregersen Vik og Joanna Wach kan bli dei fyrste kommunestyrerepresentantane i Stryn med utanlandsk pass. Dyktige damer, stryningar så gode som nokon andre og ikkje minst engasjerte for at Stryn skal bli ein best mogleg plass å vere og virke for alle.

Nr. 84 Gründer med sans for Venstre

David Sigurdsson er gründeren bak Feel Free Pruduction. På fabrikken i Holmøyane blir det spekulert ut mange kreative løysingar og fantastiske flotte produkt. Alt frå strikkekasser til flotte møbel til klatreparkar blir spesialdesigna av David og den flotte gjengen i Feel Free.

Vi er veldig stolte og gla for at David vil vere med og gjere lista våre endå betre!

Nr. 85 Loar med meiningar

I rekkja av engasjerte kandidatar kjem vi i dag til Monika Moen. Ho driv eigen frisørsalong i Stryn sentrum, der ho også syter for at fleire har sin daglege arbeidsplass. Stryn Venstre er både gla og stolte over å ha Monika på lista!

Nr. 86 Nestoren har ordet

Odd Einar Dørum er ei levande legende i Venstre. Les kva han seier om Stryn Venstre her:

Stryn Venstre laget teksten for Venstres distriktsutvalg som ble oppnevnt i juni 2018: det er mennesker med framtidstro i bygd og by. Politikken må gi dem mulighet til å skape arbeidsplasser, verne om naturen og se mennesker før system. Framifrå Venstre-politikk – med røtter og framtidstro!
Tvinnereim er god representant for denne linja; bra for Stryn, bra for landet. Han står for by og land hand i hand: ikke « by og land, mann mot mann» , løsningsorientert, ikke populist. En levende ombudsperson !

Nr. 87 Kvifor meiner Trine at Stryn fortener Johan Sverdrup som ordførar?

Nr. 88 3 viktige oppvekstsaker

Stryn Venstre har alltid engasjert seg i sterkt i at kommunen har gode skular og barnehagar for barna våre. På vår liste har vi også fleire med lang yrkeserfaring frå både skulen og barnehage. Ynskjer du representantar som vil jobbe for ein best mogleg skule og barnehage, som sjølv har hatt skoa på, er lista til Venstre eit godt alternativ!

Nr. 89 På lag med næringslivet

Stryn Venstre vil vere på lag med eit næringsliv som ynskjer framtidsretta og gode arbeidsplassar. Næringslivet er i utvikling. Det skal løne seg å tenke miljøvenleg. Vi vil at Stryn skal vere ei entreprenørkommune. Ei kommune som legg til rette for og er med å utvikle framtidas arbeidsplassar i heile kommunen.

Nr. 90 Klima og miljø

Venstre sine representantar har snakka miljø og klima mange, mange gongar siste periode. Det lovar vi at vi skal halde fram med. Om fleire brukar Venstre si liste, blir det meir grøn og framtidsretta politikk i kommunestyret!

Nr. 91 Helt med

Stryn Venstre har legg stor vekt på at vi skal vere der for dei som treng ei ekstra stemme. Mellom anna har vi i programmet vårt at vi ynskjer å legge til rette for Helt med i Stryn. Dette blir lagt merke til også utanfor Stryn kommune. Stiftelsen SOR skriv fylgjande:

Det er stas når arbeidsinkluderingstiltaket HELT MED tas med i den lokale valgkampen i kommunene. Stryn venstre har satsing på HELT MED i sitt valgprogram (takk Karin Vallebæk Gregersen Vik & co).

Forleden møtte Kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V) 15 personer med utviklingshemming fra “hele” landet på rettighetsseminar hun arrangerte, og viktigheten av arbeid (og lønn) var et tema deltakerne la stor vekt på. Det var forøvrig et meget nyttig og vellykket seminar, som blir del av grunnlaget for Stortingsmeldingen som skal lages om utviklingshemmedes menneskerettigheter.

Nå starter regjeringens budsjettforhandlinger, og da er det helt avgjørende at HELT MED prioriteres i statsbudsjettet med de nødvendige ti millioner kroner.

Da blir det HELT MED-arbeidsplasser for utviklingshemmede i Stryn.

Nr. 92 Vi snakkar om vår politikk

Det hardnar til og fleire parti vel å fortelje om og finne feil ved andre parti sin politikk. Stryn Venstre har sagt at vi ynskjer å fortelje om vår politikk og våre folk. I dag litt fokus på valkamp. Stryn Venstre har 24 personar på lista. Grunnen til at vi ikkje har 25, er at ein av dei som skulle stå der diverre ikkje hadde vore registrert lenge nok i landet. Han har likevel bidratt i valkampen og løfta fram vår politikk.

Om det er noko vits å stemme Venstre?
I denne valkampen har 15 ulike listekandidatar stilt på stand så langt. Berre denne helga har 11 ulike personar stilt på stand for Stryn Venstre. Fordi dei ynskjer å gjere ein skilnad. Fordi dei brenn for at Stryn kommune skal bli ei best mogleg kommune å bu i. Vi skal halde fram med å framsnakke dyktige politikarar frå både Venstre og andre parti. Vi skal halde fram med å snakke om vår politikk. Vi skal halde fram med å framsnakke Stryn kommune. Vi skal halde fram med å gje dei som treng det ekstra ei stemme.


Om du tenkjer at det er for gale at det berre er ein eller to frå Venstre si gode liste som skal få plass i kommunestyret: Bruk lista vår og fyll kommunestyret med engasjerte og dyktige venstrefolk!

Nr. 93 Damer klar for innsats!

I dag er det 6 damer i kommunestyret og 19 menn. Stryn Venstre har damer som er klar for å gjere ein innsats. Dei har klare meiningar og vil vere eit friskt pust i politikken. Vi vil oppfordre til å bruke Venstre si liste og gje gjerne damene våre eit ekstra kryss!

Nr 94 Stryn Venstre ynskje å vere ei stemme for dei som treng det ekstra.

Stryn venstre sitt bilete.

Nr.95 Satsar skjegget!

Stryn Venstre har ei flott liste med mange dyktige og engasjerte kandidatar. Vi vil jobbe for at vi skal bli norges beste oppvekstkommune, halde fram med å vere det tydlegaste miljøpartiet i kommunestyret, vere ei røyst for dei som treng det ekstra, legge til rette for ei framtidsretta næringsutvikling og satse på kultur og frivilligheita.

Vi håpar veljarane har lagt merke til at vi vil gjere Stryn til ei endå betre kommune. Skulle veljarane løfte oss til nye høgder, lovar ordførarkandidat Torstein Tvinnereim og ta skjegget. Det er LENGE sidan sist. Så hjelp oss å få barbert vår 1.kandidat. Kvar stemme tel..?

Nr. 96 Carl-Erik med klar tale.

ME-konferansen i Stryn skal få statsstøtte!

Nr. 97 Om barna fekk bestemme
Slik ville det sett ut i Stryn om barna fekk bestemme.

 

 

 

Nr. 98 Denne gjengen..

Er ein særs god grunn til å velge lista til Stryn Venstre på måndag.

Stryn venstre sitt bilete.

 

Nr. 99 Fordi vi bryr oss
Venstre bryr seg. Vi bryr oss om lokalsamfunnet. Vi bryr oss om menneska som bur der. Vi bryr oss om naturen. Vi bryr oss om korleis framtida skal bli. Vi bryr oss om korleis du har det. Vi bryr oss om kva du fortel oss.
Vi bryr oss. Vi lyttar. Vi ynskjer å gjere ein best mogleg jobb som ombodspersonar for deg og kommunen vår.
Vi håpar du stemmer. Brukar stemmeretten din. Uansett kva kva parti du ynskjer å stemme på. Sjølv om vi håpar du stemmer på oss.
Vi er mange som har lyst å gjere ein innsats i kommunestyret dei nærmaste fire åra. For Stryn kommune, for barn, unge, vaksne og eldre.

For deg.

Godt val!