Politisk innspel til Fellesnemnda for Vestland

Gunhild Berge Stang og Anne Beth Njærheim, Foto: Vedvik Photography

Lokalisering av fylkeskommunale arbeidsplassar i Vestland fylke

Intensjonsavtalen om samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland har fastsett kvar dei ulike avdelingane skal ha hovudkontor. Venstre legg denne til grunn i vidare organisering. Vi meiner det, at vi innanfor ramma som intensjonsavtalen er rom for å sjå nærare på korleis vi kan få til meir fleksible ordningar på arbeidstad for tilsette, for å sikre god rekruttering og at fylkeskommunale arbeidsplassar kjem heile fylket til gode. Dette er ikkje minst viktig med tanke på at det er eit sentralt mål å få overført fleire oppgåver frå staten og dermed fleire fylkeskommunale arbeidsplassar. Ikkje minst er dette viktig fordi fylkeskommunale arbeidsplassar kan vere ein ressurs i å byggje sterke fagmiljø i heile det nye fylket, ikkje berre i eigen organisasjon, men for næringsliv og andre offentlege institusjonar i fylket. Vi har sterke næringsklynger frå Sunnhordland i sør til Nordfjord nord, vi har eit nett av vidaregåande skular med god geografisk spreiing som allereie ligg der som ein fylkeskommunal arbeidsplass som vi trur kan utnyttast betre. I årsrapporten til Sogn og Fjordane fylkeskommune ser vi også at vi har ein større deltidskultur enn det som er ønskeleg. Kan det vere at dette skuldast store pendlaravstandar? Kan meir fleksible løysingar på oppmøtestad bøte på dette?

 

Gunhild Berge Stang og Anne Beth Njærheim

Venstre legg til grunn fleire grunnleggjande prinsipp:

  • Digitalisering legg til rette for at dagens moderne arbeidsliv kan basere seg på fleire og ikkje færre fleksible løysingar. OG digitalisering opphevar argumentasjonen for sentralisering. Det er ikkje lenger slik at ein må sitje under same tak for å vere ein del av eit fellesskap
  • Det er viktig for Vestland fylkeskommune å ha eit godt rekrutteringsgrunnlag
  • Som distriktsfylke utfordrar vi med jamnlege mellomrom statlege sektorar og næringsliv i hovudstadsområda på viktigheita av å desentralisere og spreie makt. Vi utfordrar på at kompetansen er jamt fordelt i landet og at offentleg sektor er ein viktig ressurs i å bygge sterkt og mangfaldig arbeidsliv.

 

Det vil variere med oppgåvene sitt innhald og type stilling kor vidt spreidd lokalisering er hensiktsmessig eller ikkje. Dette kan gå både på innhald, og i kva fase ein er i med oppgåvene. I miljø kor ikkje-strukturert samhandling eller raske avklaringar er viktig for utføringa, vil spreidd lokalisering kunne vere ei ulempe. Tilsvarende vil det for andre oppgåver kunne vere uproblematisk, og kanskje til og med ein fordel, at miljø er spreidde.

Fellesnemnda ber om at det vert utgreidd følgjande:

  • Korleis nye arbeidsprosessar, nye arbeidsformer og «shared workplaces kan etablerast og utnyttast på kort og lang sikt slik at fylkeskommunale arbeidsplassar vert meir tilgjengeleg i heile fylket.
  • Spesifikasjonar for teknisk infrastruktur og fysiske lokale som legg til rette for digitale arbeidsplassar og digitale kommunikasjonskanalar internt og eksternt for alle brukarar , både innbyggjarar, samarbeidspartnarar, tilsette, elevar og folkevalde. Kan til dømes dei vidaregåande skulane vere fysiske lokalitetar for fleire av fylkeskommunalt tilsette enn dei som jobbar i skuleverket?

 

Gunhild Berge Stang

Anne Beth Njærheim